Utstillingsdesign
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DOR236
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I dette emnet skal studentane få erfare korleis romlege verkemiddel og utforming kan formidle meiningsinnhald i ein romleg samanheng.
Studentane skal gjennom ein praktisk og utforskande tilnærming fordjupe seg i korleis kunstnariske verkemiddel knytte til komposisjon, belysning, farge, profilering og tekst kan nyttast i utstillingar eller andre formidlande samanhengar. I emnet vil studenten jobbe med å utvikle si eiga utstilling.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
- Kunnskap
Har kunnskap og forståing for narrative verkemiddel i utstillingssamanheng (korleis objekt, rom, bilete, tekst og bodskap blir organisert heilskapeleg for formidling).
Ferdigheiter:
- Kan gjennomføre eit utstillingsprosjekt ved å kombinere relevante verktøy, teknikkar, metodar og uttrykksformer.
- Kan dokumentere ein utforskande prosess.
- Kan utvikle løysingar og design som er tilpassa bodskapet som skal kommuniserast.
Generell kompetanse:
- Kan samarbeide og organisere arbeid saman med ei gruppe om eit prosjekt.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Campus Møllendal ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Emnene DOR201 og DOR223 er bestått.
Krav til studierett
Emnet tilbys til studentar med opptak til Bachelorprogrammet i design, med studieretning Møbel og rom/interiørarkitektur.
Arbeids- og undervisningsformer
- Gruppearbeid
- Prosjektarbeid
- Forelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Avsluttande utstilling
(ved godkjent har studenten rett til vurdering i emnet).
Vurderingsformer
Muntleg eksamen i form av ein presentasjon av utstillingsprosjektet.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år iht UiBs kvalitetssystem.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.