Bacheloroppgåve i japansk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- EAS250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet er å få ei djupare forståing for eit avgrensa tema knytt til japansk språk, kultur eller samfunn, i tillegg til å lese og skrive ein akademisk tekst om temaet.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har djupnekunnskap om eit avgrensa område innanfor eit Japan-relatert tema
- er kjend med grunnleggjande konvensjonar for skriving av akademiske oppgåver.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leite fram ulike typar kjeldelitteratur og vurdere kvaliteten av desse.
- kan gjere seg nytte av kunnskapar som han/ho har tilegina seg under utvekslingsopphaldet.
- kan arbeide systematisk med ei problemstilling for å produsere ei strukturert framstilling av, og diskusjon rundt, eit problemkompleks.
- kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing.
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår (frå starten av mars)
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Avslutta to semester med utvekslingsopphald i Japan.
Tilrådde forkunnskapar
God dugleik i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk.
Arbeids- og undervisningsformer
Vekentlege seminar over ti veker:
- Dei første fem vekene er det to seminar per veke, alle i fellesskap med EAS251.
- Dei siste fem vekene er det eitt seminar per veke. Seminaret er orientert rundt studentane sine eigne munnlege presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.
All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve på 3500 ord (ca. 10-12 sider) om sjølvvalt emne.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Studenten søkjer sjølv etter relevant litteratur for oppgåva i samråd med faglærar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet