Bacheloroppgåve i kinesisk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- EAS251
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset har to hovudmål. Ein skal tileigne seg kunnskap om det kinesiske språket og kulturen/ samfunnet der det vert nytta. I tillegg skal ein få trening i kritisk lesing av akademiske tekstar, og skrive ei akademisk oppgåve om eit Kina-relatert tema.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har solid kunnskap om utvalde tema knytte til det kinesiske samfunnet.
- er kjend med konvensjonar for skriving av akademiske oppgåver.
Ferdigheiter
Studenten
- kan delta i diskusjonar om Kina-relaterte tema, ved å formulere argument og bidra med relevant kunnskap.
- kan leite fram seriøs kjeldelitteratur om utvalde Kina-relaterte tema og nytte desse i eit skriftleg arbeid.
- kan lese akademisk tekst på engelsk og/eller norsk med eit kritisk og kunnskapsbasert blikk.
- kan formulere ei problemstilling innanfor eit Kina-relatert tema, reflektere over omgrep og termar, handsame kjelder, argument og kunnskap og skrive om temaet på ein reflektert og grundig måte.
- kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing.
- kan ta imot og lære frå kritiske kommentarar til eige tekstar, både med tanke på struktur, argumentasjon og formuleringar.
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Tilrådde forkunnskapar
God dugleik i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar i tolv veker:
- to timar med forelesingar per veke i fem veker.
- fire timar med forelesingar/seminar i fem veker, i fellesskap med EAS250
- to timar seminar i to veker. Seminara er orienterte rundt studentane sine eigne munnlege presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til minst 75 prosent av undervisninga.
All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 ord om sjølvvalt emne.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Utvalde bøker og artiklar.
Studenten søkjer sjølv etter relevant litteratur for oppgåva i samråd med faglærar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Programstyret for japansk og programstyret for kinesisk har begge ansvar for fagleg innhald og kvaliteten på dette emnet.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.