Velferdsstatens økonomi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ECON220
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi ei forståing av offentleg inngrep i økonomien og innblikk i velferdsøkonomiske problemstillingar. Kurset vil svare på sentrale spørsmål som; kva er ein velferdsstat, kvifor har vi ein velferdsstat, kor stor bør ein velferdsstat vere, og kva kan vi gjere av økonomisk politikk innanfor velferdsstaten.
Marknadssvikt og fordelingsomsyn er årsaker til at offentleg sektor har ei dominerande rolle i moderne økonomiar. Kurset gir ei drøfting av det teoretiske grunnlaget for velferdsstaten og tar opp dagsaktuelle problemstillingar knyta til trygdesystemet og familiepolitikk. Offentlege overføringar, og formålet deira, blir diskutert. Velferdsstaten skal sikre medlemmene mot uventa hendingar som helsesvikt, sosial nød og tap av inntekt. Forsikringselementet i velferdsstaten blir grundig drøfta. Kurset vil og diskutera problemstillingar knyta til helse- og utdanningssektoren.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om velferdsstaten og ulike politiske og moralfilosofiske grunngjevingar for velferdsstaten
- har kunnskap om samfunnsøkonomiske teori knyta til ulikhet, effektivitet og rettferd, samt asymmetrisk informasjon og optimal tilpasning innanfor velferdsstaten
- kjenner til viktige overføringsordningar som sjukepengar, uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, alderspensjon, dagpengar og sosialstønad
- har kunnskap om familie- og likestillingspolitikk med utgangpunkt i økonomiske modellar
- kjenner til viktige velferdsøkonomisk reformer og estimering kausaleffektar
Ferdigheiter
Studenten
- kan inkorporere politiske og moralfilosofiske teoriar i analyse av velferdsstaten
- kan analysere korleis konsumentar og tilbydarar tilpassar seg under ulike marknadsformer og forutsentningar
- kan tolka teoretisk og empiriske analyser av ulike overføringsordningar som sjukepengar, uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, alderspensjon, dagpengar og sosialstønad opp mot effektivitet, fordeling og insentiveffektar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisera om faglege problemstillingar, teoriar, analysar og konklusjonar på tema innanfor velferdsstatens økonomi, både med spesialistar og andre
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.