Masteroppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ECON391
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal vise at ho/han er i stand til å nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte.
Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studenten vel tema i samråd med rettleiar, basert på prosjektskissa utforma i 3. semester.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- har inngåande kunnskap om vitskapeleg skriving og kjeldebruk, metodiske og forskingsetiske problemstillingar
- har spesialisert innsikt i eit område innanfor samfunnsøkonomi
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan sjølvstendig utvikle og formulere ei presis problemstilling og utvikle eit forskingsdesign for å belyse eit tema innanfor samfunnsøkonomi
- kan på ein vitskapeleg måte implementere det teoretiske og/eller empiriske rammeverket slik at det leier fram til ein strukturert og sjølvstendig økonomisk analyse
Kompetanse
Kandidaten...
- kan gjennomføra et prosjekt frå idé til sluttføring
- kan nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem
- kan formidla og drøfta avansert fagleg arbeid både skriftleg og munnleg
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Hovudregelen er at du skal skrive saman med ein annan student. Det er ikkje høve til å være meir enn to. Ønsker du å skrive åleine, må du søkje om det.
Moglege årsaker for å skrive åleine:
- Sjukdom/fødsel - som kan bli/er til hinder for å skrive effektivt saman med andre, for eksempel fødselstermin i innleveringssemesteret. Dokumentasjon frå lege/spesialist vert krevd.
- Privat avtale med bedrift - at bedrifta ønskjer eksklusivt eller konfidensialitet med ein student. Stadfesting frå bedrifta vert krevd.
- Forsinkelse i studieløpet - at du har brukt meir enn fem år på studiet og fortsatt står att med masteroppgåva og opptil to kurs.
- Andre grunnar som er til hinder for å få til eit godt og likeverdig samarbeid mellom to studentar.
- Studentar som planlegg å ta ein ph.d.-grad kan få unntak, dokumentasjon som må leggast ved er karakterutskrift.
Kravet om samskriving gjeld frå opptaket høst 2024 og er dermed gjeldande for master- og profesjonskulla som startar då.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av masteroppgåve og justerande munnleg eksamen (justeringssamtalar).
Innleveringsfristar for oppgåva: 1. juni, 1. september, 1. desember, 1. februar.
Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår/haust
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.