Medisinsk pedagogisk praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet bygger på Innføring i medisinsk pedagogikk (ELMED218A), og føreset at deltakarane har bestått dette. Emnet har som mål å gi studentane trening i å planlegge, gjennomføre og evaluere eigne pedagogiske oppgåver retta mot helsefagleg utdanning. Dei praktiske oppgåvene kan vere undervisnings- og rettleieroppgåver eller anna form for pedagogisk tilrettelegging.

Det er krav om at ein har ei viss eigen undervisningserfaring ein kan bygge oppgåva på. Studentar som har vore undervisar, rettleiar, hatt mentoroppgåve eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (evt. studentorganisasjon) i minst 20 timar kan nytte dette som bakgrunn for arbeidet med oppgåva.

Om de er usikre på om undervisningserfaringa de har kan telja ta kontakt med emneansvarleg: knut.eliassen@uib.no

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskapar om korleis ein planlegg og legg til rette for læring hos ulike målgrupper
  • kan greia ut om korleis ein pedagogisk intervensjon bidreg til læring og til andre moglege konsekvensar av intervensjonen
  • har kjennskap til ulike rammer som er med å påvirke opplæring

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre ei avgrensa pedagogisk oppgåve med målgruppa si læring for auge
  • kan opptre i ulike pedagogiske roller som undervisar, rettleier, vurderar eller liknande
  • kan gjere kloke val og ta i bruk varierte verkemiddel i rettleiing og undervisning

Generell kompetanse

Studenten:

  • kjenner til styrkar og svakheiter ved eiga undervisningsrolle
  • kan samarbeide om å løyse pedagogiske oppgåver i lag med andre

Studiepoeng, omfang

3

Studienivå (studiesyklus)

Master / profesjon

Undervisningssemester

Vår

Emnet strekker seg gjennom heile semesteret

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Må ha gjennomført ELMED218A Innføring i medisinsk pedagogikk.

For å ta emnet må du ha vore undervisar, rettleiar, hatt mentoroppgåve eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (eller studentorganisasjon) i minst 20 timar

Fagleg overlapp
ELMED218 Innføring i medisinsk pedagogikk
Studiepoengsreduksjon
ELMED218
Krav til studierett

Medisinstudiet

Master i klinisk ernæring

Arbeids- og undervisningsformer

I emnet nyttar studentane den praktiske erfaringa dei har hatt i rolla som undervisar, rettleiar, mentor eller instruktør. Emnet er bygd opp som ei vidareføring av emnet ELMED218A Innføring i medisinsk pedagogikk.

I emnet blir studentane gjevne praktisk erfaring i rolla som undervisar eller pedagog. Emnet er bygd opp som ei vidareføring av emnet ELMED218A - Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk. I praksisemnet vil studentane, så langt det let seg gjere, jobbe saman i mindre grupper for å løyse realistisk pedagogiske oppgåver.

Undervisningsoppdraga kan variere frå år til år, men oppgåvene vil vere avgrensa som til dømes å lage og gjennomføre ei studentdriven trenings-OSCE for medstudentar, utvikling av digitale undervisingsressursar, lærerassistent, eller undervisar i ulike samanhengar.

Alle praksisgrupper vil bli tildelt ein rettleiar.

Praksisprosjekta vil kunne strekke seg i tid over store deler av vårsemesteret og studentane må rekne med å sette av tid til dette i tillegg til ordinær studieprogresjon.

Tal på deltakarar (studentar)

Minimum: 8

Maksimum: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte i undervisninga på første og siste dag.
Vurderingsformer

Innlevering av refleksjonsoppgåve med praksisrapport 2500-3000 ord.

Kvar student skal gi og få tilbakemelding på oppgåva frå to medstudentar. Det blir også gjeve tilbakemelding på tilbakemeldinga.

Presentasjon av arbeidet i obligatorisk avslutningsseminar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
vår
Litteraturliste
Litteraturliste er i Leganto
Emneevaluering
Evaluering i tråd med UiB sitt kvalitetsystem for utdanning
Programansvarleg
Programutvalget for medisin (PUM)
Emneansvarleg
Knut Eirik Ringheim Eliassen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)