Simulering av fleirfasestrøyming i porøse media
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ENERGI365
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege deltek.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane eit godt innblikk i heile arbeidsflyten frå behandling av strøymingsresultat frå laboratoriemålingar, via simulering for kvalitetskontroll av desse, til generering av data til bruk i feltmodellar for reservoarsimulering av olje- og gassproduksjon og lagring av CO2. Emnet skal gje studentane eit teoretisk fundament i black oil modellen og innføring i simuleringsverktøy for porøse media. Ulike typar fortrengingar blir dekka, samt relativ permeabilitet og kapillartrykk og standardkorrelasjonar for skildring av desse. Kurset fokuserer i hovudsak på sjølvstendig arbeid med simuleringsverktøy og skriftlege og munnlege vurderingar av resultat.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper Ved fullført emne skal studenten kunna:
- forstå teori bak reservoarsimulering, og simulering generelt
- forstå skilnader på globale og lokale løysningar på eit simulert resultat og usikkerheiter hefta med simulering
- black oil modellen
- ha kunnskap om teknikkar for oppskalering frå kjerneskala til feltsskala
- forstå heile prosessen frå innhenting av laboratoriedata, til simulering og kvalitetskontroll, til oppskalering for reservoarsimulering for CO2 lagring og utvinningsprosessar
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal studenten:
- meistra simulering av ulike væskefortrengingar på kjerneskala
- ha evner til å gjera eigenevaluering av kvalitetskontroll på simulerte resultat
- være i stand til å setja opp ein modell for oppskalering
Generell kompetanse
Studenten skal kunna:
- sjå heilskap frå laboratoriemålingar til reservoarmodell
- være rusta til å forstå behovet for kvalitetssikring av laboratoriemålingar og korleis desse resultata blir vidare brukt til betre forståing av reservoarmodellar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og laboratorieøvingar.
Førelesningar, 2 timar i veka i 10 veker.
Laboratoriearbeid, 4 timar i veka i 6 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på førelesningar og laboratorieøvingar.
Laboratorierapportar.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Laboratorierapportar, 30 % av karakteren.
- Munnleg presentasjon av prosjektoppgåve, 20 % av karakteren.
- Munnleg eksamen, 50 % av karakteren.