Introduksjon til engelskstudiet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

ENG100 består av to delar, ein i lingvistikk og ein i litteratur.

Lingvistikkdelen skal gi grunnleggjande kunnskap om lingvistikk som disiplin, med vekt på tema som gjeld engelsk språk, og som studenten møter i vidare studieløpet.

Litteraturdelen gir ein introduksjon til og grunnleggjande kunnskap om litterær analyse og tolking gjennom fokus på sjangrar som novelle og poesi, og gir studenten eit grunleggjande omgrepsapparat dei vil bruke seinare i studiet.

Målet er at studenten får øving i vesentlege ferdigheiter i form av munnleg og skriftleg akademisk diskusjon om problemstillingar og tekstar innanfor engelsk lingvistikk og litteratur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse oppnår studenten gjennom sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til førelesningar og seminar, gjennom munnleg deltaking i diskusjonar, og innlevering av obligatoriske skriftlege arbeid.

Kunnskap

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av lingvistikk som disiplin, og nokre av dei emne som høyrer inn, som til dømes engelsk grammatikk, fonetikk, språkvariasjon- og endring, haldningar til språk, og språkhistorie

- har grunnleggjande kunnskap om verktøy og teknikkar til bruk i omgang med språklege data og lingvistiske kjelder

- har grunnleggjande forståing av eit utval av fundamentale omgrep og/eller metodar innanfor lingvistikk

- har grunnleggjande kunnskap om litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som er grunnleggjande for ulike sjangrar

- har grunnleggjande kunnskap om ulike tekstlege mønstre

- har grunnleggjande forståing av at det er ulike tilnærmingar til litterær analyse

- har grunnleggjande forståing for samanhengen mellom litteratur og kultur

- har kunnskap om grunnleggjande litterær terminologi til bruk i kritisk lesing

Ferdigheiter

Studenten

- kan beskrive og summere eit utval av grunnleggjande omgrep eller/og metodar innanfor lingvistikk

- kan identifisere og diskutere ulike typar språkdata

- kan identifisere strukturar i ulike litterære tekstar, óg på ordnivå

- kan formulere problemstillingar i høve til ein litterær tekst

- kan kjenne att ulike sjangertrekk i tekstar og diskutere desse med utgangspunkt i et utval sentrale litterære omgrep

Generell kompetanse

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av lingvistikk som disiplin, og grunnleggjande ferdigheiter i bruk av lingvistiske verktøy og teknikkar

- har grunnleggjande kunnskap i litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som kjenneteiknar ulike sjangrar

- har eit godt grunnlag for vidare studium i engelsk lingvistikk, litteratur og kultur

- har kunnskap om korleis dei skal unngå plagiat, og korleis dei skal sitere på korrekt akademisk vis

- har grunnleggjande kunnskap om kjeldebruk og søk, inkludert søk i biblioteket sine databasar og andre elektroniske informasjonskjelder

- Har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving som sjanger, og kan produsere ein tekst som oppfyller språklege og strukturmessige sjangerkrav til akademiske tekstar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt tilrå at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er obligatorisk for studentar på bachelorprogrammet i engelsk og studentar på lektorutdanninga med master i framandspråk. Emnet er ope for studentar på årsstudiet i engelsk.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som forelesingar og seminar i kvar av disiplinane, lingvistikk og litteratur. Forelesingane gir ei generell oversikt over ulike tema og emne innanfor lingvistikk, og innanfor litterære omgrep og sjangrar i litteratur. Seminara er studentaktive og har meir spesifikke fokus innanfor dei to disiplinane.

Forelesing og seminar: til saman opp til 24 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminara er obligatorisk. Studentane må delta på minst 80% av seminara.

Studentane skal levere inn ein tekst på 1000 ord (+/- 10 %) i kvar disiplin (ein i litteratur og ein i lingvistikk). Tekstane skal ta føre seg ulike tema/spørsmål som blir oppgitt i undervisninga. Begge tekstane skal ha litteraturliste.

Utkasta skal leverast inn i Mitt UiB. Alle utkasta må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen med oppgåver frå begge disiplinane. Ei av oppgåvene vil vere ein refleksjonsoppgåve der studentane skal legge fram eigne synspunkt på relevansen av engelskstudiet i forhold til eigne studiar, samfunnet, og/eller læraryrket. Dei andre oppgåvene er relatert til pensum. Ein må få ståkarakter i begge disiplinane for å få ståkarakter i emnet.
Karakterskala
Det blir nytta bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum er eit utval tekstar som gir ei innføring i engelsk lingvistikk og lingvistiske metodar, samt ei innføring i litterær analyse og fortolking av litteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.