System og variasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENG120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har to modular og er ein introduksjon til sentrale aspekt ved det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon.
Emnet utforskar språksystemet, språkvariasjon og språk i kontekst ved å studere språklege mønster på ulike nivå. Innhaldet i emnet kan variere frå år til år, og kan vere ulike kombinasjonar av tema.
Emnet kombinerer teori og praktiske øvingar for å gi studentane ei brei forståing av innhaldet.
Systemmodulen tek for seg ein eller fleire sentrale språkkomponentar i engelsk, som t.d. leksikon, semantikk, fonologi, morfologi eller syntaks.
Variasjonsmodulen tek for seg fonologisk og/eller morfosyntaktisk variasjon i ulike variantar av engelsk.
Læringsutbyte
Ved avslutta emne har studentane følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse vert oppnådd ved sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til forelesingar og seminar, og gjennomføring av obligatoriske aktivitetar som er spesifiserte under «Obligatorisk undervisningsaktivitet»:
Kunnskapar
Studentane
- har inngåande kunnskap om aspekt ved det engelske språksystemet
- har inngåande kunnskap om aspekt ved engelsk språkvariasjon, inkludert språklege trekk og underliggjande faktorar
- har kjennskap til omgrep og terminologi som vert nytta i studiet av det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon
Ferdigheiter
Studentane kan
- bruke språkdata til å diskutere, forklare og kontekstualisere språkstrukturar, -fenomen og -variasjon
- skildre og analysere data som er relevant for språksystem og språkvariasjon
- diskutere tema innan språksystem og språkvariasjon med eit presist omgrepsapparat
- identifisere og skildre ulike omgrep og metodar som er relevante for språksystem, i arbeid med språkdata
- skildre språkvariasjon med eit presist omgrepsapparat og bruke teoriar og metodar dei har lært på kurset
- velje ut relevant informasjon frå ulike kjelder
- knyte avanserte lingvistiske omgrep og teoriar til kjende omgrep og teoriar
Generell kompetanse
Studentane kan
- tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig
- bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege språkstudium
- handtere og organisere ny informasjon og knyte den til kjend kunnskap
- arbeide sjølvstendig, planleggje eige arbeid, nå mål og halde tidsfristar
- uttrykkje seg på korrekt akademisk engelsk, både skriftleg og munnleg
- vidareutvikle sine kunnskapar gjennom vidare studium av engelsk lingvistikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages
Ein vil sterkt rå til at studentane har teke emna EXFAC00SK Språkkunnskap og ENG110 (Lydar og strukturar) eller tilsvarande kurs før dei byrjar på ENG120.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar: opp til 48 timar
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått fire obligatoriske aktivitetar, to i kvar modul. Desse kan vere skriftlege oppgåver, fleirvalsoppgåver eller gruppepresentasjonar.
Detaljert informasjon om aktivitetane og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Eksamen er ein fem timars skoleeksamen i Inspera. Dei to modulane er vekta likt. For å bestå eksamen må begge modulane vere beståtte.
Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske krava (sjå «Obligatorisk undervisningsaktivitet») misser retten til å ta eksamen.