Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ENG267
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG267 (semesteroppgåve) eller ENG227 (skoleeksamen).
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane for lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.
Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG267, ENG225 (språkhistorie).
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og ENG125 eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på 1000 ord (±10%). Tilbakemelding blir berre gitt éin gong.
Det blir gitt rettleiing individuelt eller i gruppe. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 6000 ord (±10%). Tema for oppgåva vel studentane i samråd med faglærar. Antal ord i litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna.
I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i det skriftlege arbeidet dei har levert. Den munnlege prøva er justerande med éin karakter. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.
Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i moderne engelsk lingvistikk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.