Kjemi og energi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen. Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, elektrokjemi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonskinetikk og kjernekjemi. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv.
  • har grunnleggjande kunnskap om struktur og bindingsforhold i atom og molekyl.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar.
  • kan gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre.
  • kan framstille og vurdere eigne resultat frå laboratoriearbeid muntleg og skriftleg i form av ein enkel rapport

Generell kompetanse

Studenten

  • kan lese og forstå engelsk faglitteratur
  • kan samarbeide med medstudentar om aktiv læring før, under og etter laboratorieøvingane
  • kan reflektere over og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn
  • kan opptre ansvarleg i forhold til HMS-reglar og retningslinjer for arbeid i laboratoriet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskap tilsvarande pensum i kjemi videregåande skule (Kjemi 1) er forutsatt kjent
Studiepoengsreduksjon

K101: 10 studiepoeng. KJEM110: 10 studiepoeng.

KJEM109: 7 studiepoeng

Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier

Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker

Labkurs: 6 timer pr veke i 5 veker

Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (5 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver (gyldige i 5 påfølgande semester).
  • Etterslep på meir enn 1 labøving fører til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset. Gyldig fråvere må dokumenterast.
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på nettstad: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
  • Obligatorisk oppmøte på fyrste to forelesingane.
  • Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen i emnet. Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.
  • Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
  • Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på:

  • Obligatorisk innleveringsoppgåve (bestått / ikkje bestått)
  • Laboratoriekurs (bestått / ikkje bestått)
  • Midtsemestervurdering (2t) (30% av karaktergrunnlaget)
  • Skriftleg slutteksamen (4 timar) (70% av karaktergrunnlaget)

Utfyllande eksamensregler:

1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 5 påfølgande semester.

2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.

3. I semester med undervisning:

a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.

b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester skal avlegge både midtsemestereksamen og skriftleg slutteksamen.

4. I semester utan undervisning:

a) Studentar med godkjent laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester tek skriftleg eksamen, denne tel 100% av karakteren.

b) Studentar utan godkjent laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester kan ikkje ta eksamen.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidligere emneevalueringer:

kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@xx-uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.