Analytisk kjemi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FARM250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset gjev ei innføring i kvantitativ analyse av uorganiske og organiske sambindingar i dei vanlegaste prøvematriser, som luft, vatn, fast stoff og biologisk materiale. Forskjellige trinn i analysegangen vil bli omhandla, som prøvetaking, prøveopparbeiding, våtkjemisk og instrumentell analyse, kvalitetssikring, og vurdering og rapportering av analyseresultat. I laboratoriekurset skal studentane bestemme konsentrasjonar av analyttar i reelle prøver.
Læringsutbyte
Etter fullført emne FARM250 skal studenten ha:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare prinsippa bak dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
- kan peike på bruksområde for dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
- kan forklare vanlege årsaker til analysefeil og tiltak som kan nyttast for å motverke dei
- kjenner til vanlege metodar for kvalitetssikring som vert nytta i kvantitativ kjemisk analyse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende skrivne prosedyrar til å utføre nøyaktige kvantitative bestemmingar på laboratoriet.
- kan berekne analyseresultat basert på dei mest nytta kvantifiseringsprinsippa
- kan vurdere kvaliteten av eit analyseresultat
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet
- har kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/Master
Undervisningssemester
Vår
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Studiepoengsreduksjon
K241: 10stp. KJEM250: 10 stp.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på første forelesning
- Laboratoriekurs. Karakteren i godkjenning av analyseresultater på lab og føring av labjornaler er gyldig i 5 påfølgande semester.
- Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen. Obligatoriske aktivitetar skal være eige arbeid.
- Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
- Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset,
- Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Skitfleg skuleeksamen (4t)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.