Metafysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FIL220
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet forsøker å formulere, klargjere og svare på dei grunnleggande og mest generelle spørsmål om verda, til dømes: Kva som verkeleg finst? Eksisterer sjeler, tal og Gud? Kva er tid og rom? Kva er årsak og virkning? Kva seier vi når vi påstår at nokre sanningaer er nødvendige og andre berre betinga? Har menneske fri vilje? Kva er ei naturlov? Ei sentral grein av metafysikk er ontologi, etterforskning av røyndomen sine første prinsipp.
FIL220 skal gi studentane ein oversikt over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i metafysikk. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor vitenskapsfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argumenter og posisjonar i metafysikk.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- identifisere sterke og svake sider ved ulike posisjonar i metafysikk (til dømes realisme versus nominalisme, determinisme versus indeterminisme, kausalitet, kompatibilisme versus inkompatibilsme om fri vilje).
- identifisere relevante argument og prinsipp i metafysikk (til dømes 'the causal closure principle').
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å lese metafysiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
- vidare studiar i metafysikk, t.d. på masternivå. Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Ei oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/Vår
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.