Miljøetikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FIL236
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- kjennskap til omgrep og distinksjonar i filosofien som har relevans for miljøspørsmål.
- ei forståing av samanhengen mellom filosofiske innsikter og andre miljørelevante fagdisiplinar.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- analysere og identifisere underliggande filosofiske omgrep om moral, politikk og vitskap i miljøspørsmål, slik desse kjem fram i debattar, dokument og andre typar tekstar.
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- ta stilling til kva for nokre etiske dilemma miljøproblema reiser og være i stand til å anvende normative teoriar frå moralfilosofien på problema.
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Innleveringa av utkast til peer-review frå ein annan student
- Peer review av ein annan student si oppgåve
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Vurderingsformer
Ei oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning