Forskingsemne i epistemologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FIL347
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette kurset gir ei innføring i epistemologi, studiet av kunnskap, tru og rettferdiggjering.
Vi vil starte med klassiske tema, som Descartes' metodiske tvil og Humes induksjonsproblem, og gå frå det fundamentale spørsmålet om kva kunnskap er og kva eigenskapar den har til samtidige problemstillingar i epistemologien.
Sentrale tema inkluderer empirisme, rasjonalisme, fundamentalisme («foundationalism»), koherentisme, internalisme, eksternalisme, og skeptisisme. Studentar vil delta i kritisk analyse og drøfting av desse teoriane og implikasjonane deira i ulike filosofiske samanhengar.
Ved slutten av kurset vil deltakarane ha utvikla ei nyansert forståing av epistemologiske konsept og fått skjerpa sine dugleikar i kritisk tenking, og på den måten vere førebudd på djupare utforsking innan filosofifeltet. Dette kurset passar for alle som er interesserte i å utforske kunnskapens natur, uavhengig av tidlegare erfaring.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha:
- spesialisert kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i eit eller fleire forskingsområde i epistemologi.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- identifisere, analysere og formidle sentrale problemstillingar, posisjonar og argument i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
- forstå og kritisk vurdere aktuelle bidrag i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
- utvikle eigne idéar for debattbidrag i eitt eller fleire forskningsområd i epistemologi
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til:
- vidare studiar og eigen forsking i epistemologi, t.d. i ei masteroppgåve.
Emnet kan inngå i ein mastergrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
- Studentane skal levere forslag og utkast til semesteroppgåva. Fristar blir bestemt av instituttet
- Studentane må delta på ei rettleiingsøkt med faglærar
- Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
- Bestått breiddetest
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/Vår
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.