Fransk kulturkunnskap og frankofoni

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir en innføring i samfunnstilhøve i Frankrike og i den franskspråklege verda (la francophonie). Emnet skal øva opp studentane sin dugleik i å lesa franske tekstar og å samtala på fransk om pensumrelaterte emne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kjennskap til konstitusjonelle, politiske og sosiale tilhøve i Frankrike og til den franskspråklege verda i dag

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å samtala på fransk om samfunnstilhøve i Frankrike og om franskspråklege land og område
  • har utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk og i å lesa høgt franskspråklege tekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk og frankofon samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane ho/han har fått

t

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN624

Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepoeng for FRAN124 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN624, og 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN114, FRAN115, eller FRAN103.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føresett at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmateriale. Undervisninga består av færelesningar og seminarar med diskusjonar om avisartiklar knyttet til pensumet.

Om lag 2 timar undervisning per veke i om lag 12 veker. Undervisninga byrjar i veke 34.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eit skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i fransk kulturkunnskap eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering/framføring av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar(også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Ein munnleg eksamen på fransk i fransk kulturkunnskap og frankofoni på om lag 20 minutt. Evne til å uttrykke seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum i dei to disiplinane tel om lag like mykje for karakteren i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum består av utdrag frå Bernard, De Gunten, Martin og Niogret: Les Institutions de la France (Nathan), i tillegg til Sanaker, Holter og Skattum: La francophonie, une introduction critique (Unipub).

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk