Landformdannande prosessar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi innsikt i og forståing av korleis landformer vert danna og dei prosessane som ligg til grunn. I tillegg skal emnet gi generell kunnskap om korleis natur set grenser for menneskeleg aktivitet. Ved emneslutt skal studenten sjølv kunne identifisere ulike landformer, mellom anna ved hjelp av kart, høgdemodellar og flyfoto, forstå korleis dei blir danna og teoriane bak, og vere fortruleg med omgrep og fagterminologi.

Emnet skal formidle forståing for korleis naturlege/geologiske prosessar verkar på ulike skala i tid og rom og deira relasjon til endringar i klimatiske forhold , og dei samfunnsmessige konsekvensane det har.

Innhald:

Emnet introduserer det geofaglege innhaldet i naturgeografien. Emnet gir ei systematisk innføring i ulike landformdannande prosessar som forvitring, masserørsle, glasiale-, fluviale-, eoliske- og marine prosesser, deira verkemåte og samhandling og teoriar knytt til desse. Tema er generelle, men med særskild fokus på norske landformer. Det vil også bli gitt ei viss innføring i grunnleggjande geologi samt ei innføring i generell hydrologi og pedologi (jordsmonnlære).

Studiet avsluttar med eit feltkurs kor kunnskapar blir utøvd i praksis og vist gjennom ein innlevert rapport (gruppearbeid) som vert vurdert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for dei viktigaste landformdannande prosessar i Noreg og globalt
  • kjenner til sentrale teoriar for landskapsutvikling
  • kan forklare samanhengen mellom platetektonikk, indre prosesser og global geomorfologi
  • kan forklare berggrunnen si betyding for utforminga av landformer
  • kan beskrive dei store trekka i Noreg si geologiske historie
  • kan gjengi dei store trekka i istidshistoria i Noreg og Skandinavia
  • kan beskrive Jorda si klimahistorie i grove trekk
  • har kunnskap om samspelet mellom naturprosessar og menneskeleg aktivitet
  • kan forklare dei samfunnsmessige konsekvensane av naturgitte forhold og naturressursar i Noreg og andre land

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kjenne att ulike jordsmonn, jordartar og landformer ute i naturen
  • kan identifisere prosessmiljø ute i naturen
  • kan bruke navigasjonsutstyr (GNSS, t.d. GPS) for å samle inn geografiske data
  • kan ta i bruk topografisk kart, høgdemodellar, flyfoto og fagleg kunnskap til å gjere ei naturgeografisk landskapsanalyse av eit område
  • kan utføre ei kvartgeologisk kartlegging i felt under rettleiing og som del av ei gruppe
  • kan teikne eit kvartærgeologisk kart i samsvar med ein oppgitt standard
  • kan føre feltdagbok, og skilje mellom skildring og tolking
  • kan rapportere feltdata skriftleg og munnleg, som del av ei gruppe

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i sentrale naturgeografiske problemstillingar
  • kan formidle sentrale naturgeografiske teoriar skriftleg
  • kan bruke eit presist naturgeografisk fagspråk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO110, eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
  • GEOL106 - 10 studiepoeng reduksjon
  • GEOG111 - 15 studiepoeng i reduksjon
  • GEOV106 - 10 studiepoeng i reduksjon
  • GEOV101 - 5 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
  • 1-2 førelesingar á 2 timer pr veke. Totalt 15-20 førelesingar
  • 1 seminar á 2 timer pr veke. Totalt 8-12 seminar
  • 1 heildagsekskursjon
  • 1 feltkurs 4-5 dagar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking informasjonsmøtet
  • Deltaking på seminar (minimum 8o%) og innlevering av fire seminaroppgåver
  • Deltaking dagsekskursjon og feltkurs
  • Presentasjon av feltrapport i plenum

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet har to delar:

  • Gruppevis feltrapport (1/3)
  • Skuleeksamen 5 timer (2/3)

Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.

Karakter på feltrapport er gyldig i fire semester etter den er bestått.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Kontinuasjonseksamen:

Eksamensdel 1, Gruppevis feltrapport: 

Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.

Eksamensdel 2, Skuleeksamen 5 timar:

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5. Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Skuleeksamen: Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.