Klima, oseanografi og biogeografi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEO113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gi innsikt i jordas økosystem og biologiske mangfald, samt dei viktigaste fysiske og kjemiske prosessar som verker i atmosfæren og havet over ulike tidsskalaer. Studentane skal bli kjent med grunnleggjande prinsipp innan biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi, og vere i stand til å greie ut om samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære.
Innhald
Første del av emnet tar for seg biogeografiske forhold, der det blir gitt ei innføring i økologisk teori med fokus på å forstå dei miljømessige vilkåra for fordelinga av biom på jorda. Tema knytt til meteorologi, klima og oseanografi vil deretter bli gjennomgått i meir detalj, med fokus på å forstå samspelet mellom hav og atmosfære. I tillegg vil mennesket sin påverknad på Jordas klima, hav og økosystem bli diskutert. Emnet inkluderer obligatoriske seminar i meteorologi, klimatologi og oseanografi og ein dagsekskursjon knytt til den biogeografiske delen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om globale oseanografiske prosessar og korleis dei påverkar regionale og lokale klimatiske forhold
- har brei kunnskap om den romlege fordelinga av biogeografiske soner og biom i eit globalt, regionalt og lokalt perspektiv
- har brei kunnskap om globale atmosfæriske og klimatologiske prosessar, og korleis dei påverkar fordelinga av klimasoner på jorda
- har ei integrert forståing av det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
- har kunnskap om korleis naturforhold og klimaendringar har innverknad på folk og samfunn
- har kunnskap om korleis menneskets areal- og ressursbruk har innverknad på jordas klima og naturmiljø
- kan forklare forskjellen mellom vêr og klima, samt greie ut om dei viktigaste kjeldene til interne svingingar i klimasystemet knytt til samspelet mellom atmosfære og hav
Ferdigheter
Studenten
- kan kjenne att biom som fins i Skandinavia og Norge, og forklare korleis desse reflekterer globale biogeografiske mønster
- kan bruke Köppens klassifikasjonssystem for klimasoner og forklare korleis dette heng saman med utbreiinga av globale biom
- kan lese og tolke vêrkart, og ut frå dette vurdere korleis lokale vêrforhold heng saman med storskala atmosfærisk sirkulasjon
Generell kompetanse
Studenten
- har oversikt over og kan bruke eit presist fagspråk knytt til biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi
- kan gjere kritiske refleksjonar rundt mennesket si rolle i globale klimaendringar
- har innsikt i korleis mennesket kan påverke biogeografiske mønster gjennom blant anna arealbruk og introduserte artar, og kva for betyding dette har for naturforvaltning i ein klimatisk og biogeografisk kontekst
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 15-20 førelesingar
- 5-8 seminar á 2 timer pr. veke.
- 1 heildagsekskursjon
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Skriftlege innleveringar av 3-5 oppgåver og deltaking på dagsekskursjon.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Skuleeksamen (5 timer)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.
Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.