Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEO125
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ein introduksjon til problemstillingar og tema i samfunnsgeografien.
Emnet tar opp tema som økonomiske globaliseringsprosessar med konsekvensar for produksjonssystem, lokalisering av arbeidsplassar og miljø (bærekraftig utvikling og omstilling). Utgangspunktet er økonomisk geografi som analyserer endringsprosessar i samfunnet internasjonalt, nasjonalt og lokalt, og som vekslar mellom føretaks-, produksjonssystems- og samfunnsperspektiv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Kan greie ut om teoriar om lokalisering og produksjonssystem
- Kan gjere greie for teoriar om teknologiutvikling og om grøn økonomi.
- Kan greie ut om sentrale geografiske tema knytt til næringsliv, lokalisering av arbeidsplassar og miljøeffektar i Noreg og internasjonalt.
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte teoretiske og praktiske problemstillingar relevant for mellom anna lokaliseringsvedtak, strategisk næringsplanlegging, arbeid med regionale utviklingsstrategiar, sirkulær økonomi og grøn omstilling.
- kan forstå og bruke fagterminologien i emnet.
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i grupper og førebu presentasjonar.
- kan nytte kunnskapen i arbeidsoppgåver som er relevante for næringsutvikling, planlegging, forlvaltning,,undervisning og forskning
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
- Emnet overlappar 10 studiepoeng med GEO621 og GEOG121.
- Emnet overlappar 10 studiepoeng med GEO625.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 1-3 førelesningar á 2 timer pr. veke. Totalt 12-14 førelesningar
- 4 obligatoriske halvdagseminar med definerte aktivitetar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent to seminarpresentasjonar basert på gruppearbeid (4-6 studentar per gruppe). Studentane førebur på seminar 1 og legg fram presentasjonen på seminar 2. Tilsvarande førebuing på seminar 3 blir lagt fram på seminar 4. Seminara og førebuande aktivitetar er obligatoriske. Fritak basert på søknad kan bli innvilga for inntil ein av presentasjonane som då blir erstatta med innlevering av skriftleg oppgåve med tildelt tema (omfang 3000 ord).
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
5 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.
Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.