Mat, miljø og berekraftig utvikling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane får ei innføring i lokale og globale matsystem, utviklingsteori og politisk økologi. I løpet av kurset skal studentane samanfatte den generelle kunnskapen i ei konkret prosjektoppgåve.

Kurset handlar om den mest grunnleggande problemstilliga for berekraftig utvikling: Korleis sikre nok mat til verdas befolkning og samstundes forvalte miljøet på ein berekraftig måte? Det vert lagt vekt på kunnskap om ulike system for matproduksjon i landbruk, fiske, akvakultur og husdyrhald. Sentrale tema er global mathandel, matsikkerheit og ernæring, ulik fordeling og forbruk, samt miljøeffektar, ressursforvalting og miljøpolitikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for teoriar om tilhøvet mellom landbruk, befolkningsutvikling, miljø og matsikkerheit
  • kan gjere greie for teoriar om berekraftig utvikling
  • kan gjere greie for diskursar og narrativ om miljø og utvikling
  • kan gi ei oversikt over produksjon og fordeling av mat frå det enkelte bruk til den globale matvareøkonomien

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke systemperspektiv på analyse av ressursar, teknologi, samfunn og miljø knytt til matproduksjonen
  • kan nytte akademisk skrive- og referanseteknikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gi kritiske vurderingar av ulike perspektiv på miljø- og utviklingsdiskursar 

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

1-2 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 12-14 førelesingar

4-6 seminar á 2 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg semesteroppgåve, 1000-1200 ord

Obligatorisk arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

5 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.

Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.