Terrestriske klima- og miljøendringar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEO212
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjev studenten kjennskap til korleis ulike eksogene (ytre) prosessar kan nyttast til å rekonstruere terrestriske endringar i klima, geomorfologi og miljø i fortid og notid med særleg vekt på norske forhold. Studentane skal einskildvis levere inn fire teoretiske oppgåver knytt til sentrale tema i emnet. I tillegg skal dei i mindre grupper, og under rettleiing, gjennomføre tre feltbaserte undersøkingar knytt til klima- og miljøendringar i nærområdet kring Bergen.
Med basis i korleis samspelet mellom hav og atmosfære innverkar på dei eksogene terrestriske prosessane og landformane på jordoverflata, inkludert havnivåendringar, vil emnet presentere ulike metodar for å rekonstruere klima- og miljøendringar i fortid og notid. Emnet vil og ta opp og drøfte moglege årsaker til desse endringane.
I samband med dei feltbaserte undersøkingane vert studentane delt inn i mindre grupper som skal samle inn relevante feltdata, og nytte litteraturstudiar til å setje innsamla data i ein større fagleg samanheng. Kvar feltundersøking skal avsluttast med ein skriftleg rapport som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan forklare kva proksydata er, og korleis proksiar kan nyttast til å rekonstruere terrestriske klima- og miljøendringar.
- kan forklare dei viktigaste eksogene agensane med tilhøyrande prosessar som har verte påverka og påverkas av terrestriske klima- og miljøendringar i Norge.
- har kunnskap om moglege årsaker til terrestriske klima- og miljøendringar.
- har kunnskap om styrkar og svakheiter knytt til dei dateringsmetodane som vert mest nytta ved rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
- har kunnskap om det kronostratigrafiske rammeverket for det nordvestlege Europa.
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere bruken av ulike proksydata som vert nytta til rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
- kan kjenne att dei viktigaste agensane/prosessane som har verte påverka og påverkast av klima- og miljøendringar i Norge.
- kan drøfte moglege årsaker til terrestriske klima- og miljøendringar.
- kan drøfte styrkar og svakheiter for dei vanlegaste dateringsmetodane nytta ved rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
- kan nytta det kronostratigrafiske rammeverket for det nordvestlege Europa.
Generell kompetanse
Studenten
- kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningsliner for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
- kan bruke fagspråk og fagtermar, lage høvelege analysar og grafiske presentasjonar, og kunne vise til relevant litteratur i skriving av oppgåve og feltrapport, åleine og gruppevis.
- kan formidla og skrive ein akademisk tekst knytt til aktuelle tema innan eige forskingsfelt og relatere dette til faglitteraturen.
- kan utveksla ytringar med fagfellar, og kome med konstruktive kommentarar til arbeida deira.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
2 forelesingar/seminar á 2 timer pr. veke
Totalt: 14-16 forelesingar/seminar.
3 dagar ekskursjon/feltarbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på ekskursjon, feltarbeid og seminar
- Munnleg presentasjon på seminar av utvalt tema frå pensum
- 4 einskildvise teoretiske oppgåver frå seminar
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Mappevurdering (1/3) og 5 timar skriftlig eksamen (2/3).
Mappa skal innehalde 3 rapportar frå gruppevise feltundersøkingar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen:
Eksamensdel 1: Mappevurdering:
Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om utsett innleveringsfrist til studieveileder.geog@uib.no. Søknaden må sendast før fristen for å levere er gått ut.
Eksamensdel 2: 5 timar skriftleg eksamen:
Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.
Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.