Naturgeografisk feltkurs
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEO291
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studenten kunnskap og ferdigheiter knytt til vanlege metodar og teknikkar i naturgeografi. Under rettleiing vil studentane arbeide aleine eller i små grupper med å gjennomføre eit feltbasert forskingsprosjekt knytt til rekonstruksjon av klima- og miljøendringar i eit nærare definert feltområde, anten i Noreg eller i utlandet. Feltområda kan variera frå år til år. For å førebu studentane til eige feltarbeid vil ein anten aleine eller som del av ei lita gruppe skrive ein tematisk rapport som nyttar faglitteratur som er relevant for feltområdet.
I samband med forskingsprosjektet vil studentane utvikle sine eigne forskingsspørsmål og tilhøyrande målsetjingar. Dei vil også lære å handtere hypotesar og korleis dei skal skrive ein akademisk rapport i naturgeografi som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan forklare dei viktigaste agensane og tilhøyrande prosessar som kan koplast til terrestriske klima- og miljøendringar i feltområda deira.
- har kunnskap om relevante feltmetodar og teknikkar nytta under feltarbeid.
- har kunnskap om relevante kvantitative analysemetodar.
- har kunnskap om prinsippa bak eit kvartærgeologisk kart og korleis dei vert laga.
Ferdigheiter
Studenten
- kan ved å nytte faglitteratur og feltobservasjonar utvikle eit forskingsprosjekt i eige feltområde.
- kan formulere arbeidshypotesar som del av å løyse forskingsspørsmåla ein er oppteken av i feltområdet.
- kan nytte relevante feltmetodar og teknikkar i eige feltområde.
- kan samle relevante data til å rekonstruere klima og miljøendringar i eige feltområde.
- kan skildre landformar/fenomen på ein nøytral måte før ein tolkar årsaka til dei.
- kan lage eit kvartærgeologisk kart over feltområdet.
- kan analysere kvantitative data gjennom å nytte metodar tilpassa feltundersøkinga.
Generell kompetanse
Studenten
- kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningslinene for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
- kan skrive ein feltrapport anten aleine eller i ei lita gruppe gjennom å nytte eit profesjonelt språk og fagtermar, lage høvelege analysar, nytte gode illustrasjonar, og kunne vise til relevant litteratur.
- kan formidle munnleg og skrive ein akademisk tekst knytt til tema innan eige forskingsfelt og relatere dette til faglitteraturen.
- kan nytte arbeidshypotesar som del av å løyse eit forskingsspørsmål.
- kan utveksle ytringar med fagfellar, og kome med konstruktive kommentarar til arbeida deira.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 5-8 seminar á 2 timar pr. veke.
- 6-8 dagar ekskursjon/feltkurs. Talet på dagar avheng av reiseavstand.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på ekskursjon/feltkurs
- Deltaking på seminar
- Godkjend tematisk rapport og tilhøyrande munnleg føredrag.
Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.
Vurderingsformer
Gruppevis feltrapport og individuell munnleg eksamen.
Munnleg eksamen kan justere karakteren på feltrapporten.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen:
Gruppevis feltrapport:
Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.
Justerande munnleg eksamen:
Ny eksamen blir arrangert for studentar med gyldig fråvær på eksamensdagen. Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.