Regionalgeografisk feltkurs

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Studenten skalpraktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.

Innhald

Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere nytte av sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt ved å lage ei problemstilling,utvikle eit forskningsdesign og granske dette teoretisk og empirisk
  • kan gjere nytte av kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar

Generell kompetanse

Studenten

  • beherskar akademisk skrive- og referanseteknikk, og viser dette gjennom ein feltrapport
  • kan jobbe individuelt og i gruppe.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.
Krav til forkunnskapar

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.

GEO204, GEO206 og GEO221/GEO222 skal takast i same semester (eventuelt før).

Studiepoengsreduksjon
GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)
Krav til studierett

Dette emnet har avgrensa tal på plassar og opptak er basert på søknad. Du søker ve då registrere undervisningsmelding i Studentweb. Søknadsfristen er onsdag i veke 2, før ordninær registreringsfrist. Studentar skal ta GEO291 i kombinasjon med GEO222, GEO204 og GEO206. Studentar som opfyller forkunnskapskravet (GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131), blir tatt opp etter denne prioriteringslista:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i gegorafi
  2. Utvekslingsstudentar med tilsvarande bakgrunn som forkunnksapskravet og studentar frå andre program ved UiB med forkunnksapskravet.

Utvekslingsstudentar blir prioriterte etter mest relevant bakgrunn til forkunnskapskravet.

Arbeids- og undervisningsformer

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar.

Feltkurs: 3-5 dagar (antal dagar avhengig av reiseavstand).

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på feltkurs
  • Deltaking på feltførebuande seminar.
  • Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.

Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.

Individuell justerande munnleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Kontinuasjonseksamen:

Gruppevis feltrapport: 

Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.

Justerande munnleg eksamen: 

Ny eksamen blir arrangert for studentar med gyldig fråvær på eksamensdagen. Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.