Miljøgeografisk feltkurs
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEO293
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk (kan bli undervist på engelsk)
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere nytte av sentrale miljøgeografiske tema, kjelder, metodar og teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere ei miljøfaglieg problemstilling, og gjennomføre ein analyse med tilhøyrende drøfting
- kan gjennomføre ei avgrensa miljøgeografisk feltundersøking/forskingsprosjekt på eigen hand eller i samarbeid med andre
- kan bruke kvantitative og/eller kvalitative felt- og analysemetodar, som for eksempel intervju, tekstanalyse, flybildetolkning, kartografi og GIS
- kan bruke akademisk argumentasjon, skrive- og referanseteknikk
Generell kompetanse
Studenten
- har opparbeidd kompetanse om sentrale miljøfaglege problemstillingar og korleis slik kunnskap kan framstillast i ein skriftleg samanheng.
- kan jobbe individuelt og i gruppe.
- kan gjennomføre søk etter relevant litteratur, referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 6. semester.
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 4. semester.
- Utvekslingsstudentar med godkjent bakgrunn.
Arbeids- og undervisningsformer
1 førelesing á 2 timer pr. veke.
Totalt 1-2 førelesingar.
1-2 seminar á 2 timer pr. veke.
Totalt 5 seminar
Feltkurs 5-7 dagar. Talet på dagar avheng av reiseavstand.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på feltkurs
- Deltaking på seminar
Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.
Vurderingsformer
Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.
Individuell justerande munnleg eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen:
Gruppevis feltrapport:
Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.
Justerande munnleg eksamen:
Ny eksamen blir arrangert for studentar med gyldig fråvær på eksamensdagen. Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.