Mastergradsfeltkurs i naturgeografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEO341
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig naturgeografisk/kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport frå feltundersøkingane. For å førebu studentane på feltkurset, vert ulike tema frå faglitteraturen nytta som grunnlag for gruppevise temarapportar som vert presentert av studentane på eit eige seminar nokre dagar før avreise på feltkurset.
Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i naturgeografiske/kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i mindre grupper. Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane som dannar grunnlag for oppdatering av dei gruppevise temarapportane.
Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som under rettleiing utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde områder. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 fulle dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar.
- kan forklare korleis temperaturregime (polar/temperert) i breen innverkar på erosjons- og avsetjingsformer
- kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna.
- kan forklare korleis glasiale landformer er danna.
- kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
- kan forklare korleis smeltevassavsetningar kan nyttast til å rekonstruera innlandsiser
- kan forklare korleis ein kan rekonstruera flaumar attende i tid
- har kunnskapar om kvartærgeologien og einskildlokalitetar i områda vi besøker under feltkurset
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere sjølvstendige feltobservasjonar og kan skrive feltdagbok
- kan kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer i feltområdet.
- kan kjenne att område innverka av høvesvis polare og tempererte brear.
- kan kjenne att glasifluviale avsetningar og landformar og veit korleis dei kan nyttast til å rekonstruere kontinentale isdekker.
- veit korleis ein kan rekonstruere paleoflommar.
- kan analysere og framstille kvantitative data ved å nytte metodar tilpassa feltundersøkinga.
- kan utarbeide eit kvartærgeologisk kart etter ein oppgjeven standard
Generell kompetanse
Studenten
- kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningslinene for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
- kan skrive ein feltrapport anten aleine eller i ei lita gruppe gjennom å nytte eit presist naturgeografisk/geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar.
- kan tolke og lage grafar og figurer.
- Kan grunngje tolkingar og gjere høvelege analysar gjennom å sette eiga arbeid i ei vidare samanheng ved å finna og referere reieleg til relevant faglitteratur.
- kan erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i og innverknad på GEO-systemet.
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
- GEOL109 (10 sp)
- GEOL225 (10 sp)
- GEOV225 (10 sp)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Seminar
- 10 (11) dagars ekskursjon/feltkurs.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Seminar
- Gruppevis tematisk rapport
- Munnleg presentasjon av tematisk rapport
- Individuell munnleg test basert på tematisk rapport og pensum
- Deltaking på ekskursjon og feltkurs
Obligatoriske krav kan berre gjennomførast ein gong, og er gyldige frå det semesteret dei blir gjennomført.
Vurderingsformer
Gruppe feltrapport
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret
Kontinuasjonseksamen
Gruppevis feltrapport: Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.