Praktisk meteorologi og oseanografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei praktisk innføring i måling av fysiske eigenskapar til atmosfæren og havet slik som vind, straum, temperatur, nedbør, tettleik og saltinnhald. Føremålet er å verte kjend med standard instrumentering som vert nytta, feilkjelder, handtering av data, kvalitetskontroll og tolking, og med pågåande utvikling av observasjonsmetodar og operasjonelle observasjonssystem. Studentane arbeider i små grupper som fokuserer på eit avgrensa sett av instrumentering eller data. Alle studentane arbeider med datainnsamling under ein felles observasjonsperiode. Data vert då henta frå instrumentering i felt, frå tokt eller frå eksisterande nettverk eller fjernmåling, avhengig av studentane sine faglege interesser. I eit avsluttande møte presenterer studentgruppene sitt arbeid for kvarandre og diskuterer samanhengen mellom prosessar i hav-atmosfæresystemet, og set målingane i ein større samanheng.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner måleprinsippa for standard atmosfærisk instrumentering for trykk, lufttemperatur, fuktigheit, vind og nedbør
  • kjenner måleprinsippa for standard oseanografisk instrumentering for temperatur, salinitet og havstraum
  • kan diskutere valet av målestad i lys av kva denne plasseringa representerer
  • kan identifisere dei viktigaste feilkjeldene og typisk nøyaktigheit for atmosfærisk og oseanografisk instrumentering
  • kjenner utviklingshistoria til observasjonssystemene og veit kva dei kan og ikkje kan

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere i kor stor grad målingar frå ein vêrstasjon er representative
  • kan skaffe eigne måledata
  • kan handsame og kalibrere måledata
  • kan tolke og diskutere måledata, og setje funna sine i samanheng med det som står i litteraturen
  • kan vise måledata korrekt og informativt for vitskapleg tolking
  • kan samanstille data frå ymse sensorar og målestader
  • kan dokumentere prosedyrer og resultat i ein samla rapport

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å utvikle hypotesar og målestrategiar for feltarbeid i meteorologi og oseanografi
  • kan arbeide sjølvstendig og i samarbeidande gruppe på ei eigendefinert problemstilling
  • kan presentere og diskutere eigne måleresultat opp mot prosessar i eit kopla hav-atmosfæresystem, både skriftleg og muntleg.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Vår, emnet går kun dersom nok studentar melder seg. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Legg merke til at GEOF232 og GEOF337 ikke kan takast parallelt.

Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Innleiande forelesingar (4 timar per veke i 2 veker)
Planleggings- og gruppemøter (2 timar per veke)
Meteorologisk feltarbeid (oppsett, vedlikehald, demontering) og/eller tokt
Sjølvstendig gruppearbeid med et gruppemøte per veke
Avsluttande minikonferanse med individuelle presentasjonar.
Ferdigstilling av rapport for evaluering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Minst 80% oppmøte på undervisningsøkter (forelesning, python-trening, akademisk skriving, gruppemøter)
  • Deltaking på feltarbeid/cruice

Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i det semesteret dei blir godkjent og i tre påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Godkjent prosjektrapport og tilhøyrande mini-konferansepresentasjon.
Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester
Vår, berre i undervisningssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.