Mesoskala dynamikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOF328
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å introdusere studentane til atmosfæriske fenomen på skalaar frå eit par 100 meter til nokre få 100 kilometer, som vert omtala som mesoskala. Framfor alt vil studentane lære å identifisere og karakterisere ulike mesoskalafenomen og gjere greie for dei med fysiske og dynamiske uttrykk. Dette gjøres delvis med en synoptisk tilnærming.
Innhald:
GEOF328 tek for seg ei rekkje vêrfenomen som har mindre skala enn synoptiske skala, men større skala enn mikroskalaen. Disse ble sett på i en synoptisk sammenheng og har generelt ein lengdeskala på nokre få hundre meter til fleire hundre kilometer og tidsskala på opp til ein dag. Her finn ein også akselerasjonar i horisontal og vertikal vind som resulterer i store Rossbytal og tilhøve som gjer at ein ikkje kan nytta den hydrostatiske tilnærminga og kvasigeostrofisk teori. Kursmaterialet inneheld stoff om frontar, land-sjøbris, gravitasjonsbølgjer, hydraulisk teori, sirkulasjon knytta til orografi, fjell- og dalvind og konvektive vêrsystem. Emnet legg stor vekt på konseptuelle modellar og matematiske utleiingar for å beskrive observerte vêrsystem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har lært å definere og karakterisere mesoskalafenomen
- har oppnådd forståing av dei fysiske og dynamiske mekanismane som driv mesoskalafenomen
- har lært nye løysingsteknikkar for atmosfæriske og fysiske problem
Ferdigheiter
Studenten
- kan skrive maskinkode for å løyse numeriske problem og til å visualisere resultata
- kan utleie analytiske løysingar på mesoskalaproblem
- kan presentere og forsvare vitskaplege resultat for ei gruppe
- kan tolke mesoskala vêr i ein synoptisk samanheng
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvikle idear for analytiske og (til ei viss grad) numeriske løysingar for eit problem
- kan formulere problem innanfor eit fysisk og matematisk rammeverk
- kan presentere og forsvare eigne idear for ei gruppe
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust. Emnet går dersom nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Regelmessig oppmøte i undervisning og øvelser
- Presentasjon av minst tre egne løsninger i øvelsene
Gyldig i to semester: Inneværende og påfølgende semester.
Vurderingsformer
I emnet nyttar følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg midtvegseksamen, utgjer 20 % av sluttkarakteren og må vere gjennomført. Gyldig i to semester.
- Presentasjon av ein vitskapleg artikkel relevant for emnet, tel 10 % av sluttkarakteren og må vere gjennomført. Gyldig i to semester.
- Munnleg eksamen 45 minuttar, utgjer 70 % av karakteren og må vere bestått.
Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet.Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet.