Fysisk oseanografi i fjordar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet vil gi studentene praktisk og teoretisk kjennskap til og forståelse av sirkulasjonen, utvekslingsprosessene og responsen til ytre krefter i fjorder. Feltarbeidet i et målrettet tokt vil gi erfaring i å bruke passende oseanografisk utstyr, i å analysere og rapportere data og i å bruke teorien.

Innhald

Emnet beskriver hovudtrekkene til sirkulasjonen, vannmassene og blandingsprosessene i fjorder. En introduksjon til hvordan eksterne krefter påvirker de ulike lagene i fjorden blir utfylt av feltarbeid i en fjord og gjennomgang av sentral vitenskapelig literatur om utvalgte tema i fjordfysikken. Temaene som vil bli diskutert inkluderer estuarin sirkulasjon, utveksling av vannmasser mellom fjord og kyst, fornying av bunnvann under terskelnivå, tidevannets interaksjon med trange sund, vertikal diffusjon drevet av indre bølger, fysisk-biologiske interaksjoner, dynamikk i Arktiske fjorder, og hydrografien til utvalgte viktige fjorder.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan greie ut om den vanlege lagdelinga og sirkulasjonen i fjordar
  • forstår godt korleis ytre krefter styr fjordsirkulasjonen og kva prosessar som leier til blanding i fjordbasseng
  • veit om metodane til å observera den fysiske oseanografien i fjordar

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar enkle fysiske konsept til å forklare blanding og sirkulasjon i fjordar
  • kan analysere og presentere data frå observasjonar til å skildre den fysiske oseanografien til ein fjord

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår korleis den vertikale blandinga og sirkulasjonen i havet er knytt til vind og tidevatn
  • kan nytte kunnskapen til korleis ein kan nyttiggjere energien i tidevatn og straumar og til korleis spreiinga skjer av ulike produkt frå fiskeoppdrettsanlegg og andre utsleppskjelder
  • kan skrive og leggja fram ein vitskapleg rapport

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Vår, emnet går kun om nok studentar melder segEmnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Legg merke til at det ikke er mogleg å ta GEOF232 og GEOF337 parallelt.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i klima-, atmosfære- og havfysikk (kalt Bachelor i meteorologi og oseanografi inntil høst 2017) eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
GEOF310 Turbulens i atmosfærens og havets grenselag, GEOF232 Praktisk meteorologi og oseanografi, og GEOF346 Tidevassdynamikk og havnivåvariasjonar eller GEOF331 Tidvassdynamikk, eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
GEOF332: 5 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar

2+1 timar pr. veke

Gruppearbeid 1 time pr. veke

Feltarbeid, 5-8 døgn

Litteratur oppgåve: kvar student presenterer ein artikkel

Feltarbeid oppgåve: kvar student presenterer resultater frå tokt, og bidrar til toktrapport

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk deltaging og oppgåver.
  • Obligatorisk deltaking på seminar og feltarbeid.
  • Presentasjon på seminar av minst ein vitenskapeleg artikkel

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Vurderingsform i emnet er:

  • Munnleg eksamen (60 %)
  • Semester rapport og presentasjon (40%)

Den munnlege eksamen må være bestått. Rapporten og presentasjonen er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semester.

Vi reknar saman poengsummen frå den munnlege eksamen og semester rapporten for å bestemme sluttkarakter i emnet.

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.