Polar oseanografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF338
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å beskrive sirkulasjon og dynamikk for det sørlege og nordlege polhavet, inkludert Grønlandshavet og Norskehavet. Emna vert diskutert relatert til variasjonar og samanlikna for Arktis og Antarktis.
Innhald:
Emnet skal formidle forståing for dei viktigaste prosessane til termodynamikken for kaldt sjøvatn, teoriar for blanding og danning av tungt sjøvatn, prosessar i grenselaga, frysing av sjøis, smelting av isbremmar, og varmebudsjett for dei to polhava. Prosessane vert diskutert med bakgrunn i naturlege klimavariasjonar og pågåande global oppvarming.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har ein avansert forståing om kva rolle dei to polare hava spelar i for alle verdas hav
- forstår godt dei viktigaste trekk ved sirkulasjonen i Nordishavet og Sørishavet
- forstår godt rollen fluksar av ferskvatn spelar, og effekter av lagdeling
- har avansert kunnskap om avkjøling, frysing av sjøis, smelting av isbremmar, og produksjon av bunnvatn
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar analyse og berekning av fluksar mellom luft, is og hav fluksar og fryshastigheter for sjøis
- kan forklare og berekne vertikalblanding, konveksjon og danning av tungt vatn
- kan forklare sirkulasjon og fordeling av vannmassar i dei polare hav
- kan bruke ein vertikal kolonne modell og analysera og forstå resultat frå denne
Generell kompetanse
Studenten
- kan diskutere rolla til dei polare hav under global oppvarming
- kan lese og legge fram artiklar frå internasjonale tidsskrift
- kan presentere observasjonar og berekningar som en poster
- kan skrive ein vitskapleg rapport med riktig bruk av referansar
Undervisningssemester
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram eller ph.d utdnninga
ved Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og rekneverkstad vil variere gjennom semesteret
Obligatorisk undervisningsaktivitet
(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)
Vurderingsformer
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.