Tidevassdynamikk og havnivåvariasjonar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOF346
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk om kun engelskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei grunnleggjande innføring i tidvassdynamikk og analyse av observerte endringar i vasshøgda og tidvasstraumar, talfesting av storleiken og gjennomgåing av prosessar knytt til tilførsel og uthenting av energi frå tidvatn, og analyse av variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.
Emnet skal gje forståing for dei underliggjande årsakene til tidvatn og variasjonar i havnivå, og såleis leggja kunnskapsgrunnlaget for korleis tidvatn og havnivå påverkar kystnære områder og infrastruktur.
Innhald:
Emnet tek opp tema som klassisk tidvassmekanikk, analyse og framskriving av tidvatn, tidvassdynamikk generelt og for kystnære områder spesielt, tilførsel og uttak av tidvassenergi, fysiske prosessar knytt til tidvatn, stormflo og tsunami, og variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om årsakene og eigenskapane til tidevatn
- kan drøfte og rekne på tidvatn i opne hav, i tronge og opne bukter og i randhav
- kan analysera stormflo og tsunami
- kan drøfta rollen til tideassblanding og energidissipasjon i opne hav og i randhav
- kan greia ut om den historiske kunnskapsutviklinga knytt til tidevatn og variasjonar i havnivå
- kan grunnleggjande teori for uthenting av tidenergi
- kan greia ut om variasjonar og endringar i havnivå i rom (globalt, regionalt og lokalt) og i tid
Ferdigheiter
Studenten
- kan utleia og nytta dei leiande, harmoniske komponentane til å rekne ut, analysere og framskriva tidevatn
- kan nytta likeveksteori til å talfesta endringar i havoverflata og tilhøyrande tidevassrørsle for ulike samanstillingar av dei orbitale parametrane
- kan greia ut om dei ulike faktorane som påverkar lokalt og globalt havnivå på ulike tidsskala, og årsakene til desse variasjonane
- kan forklara og diskutera sentrale omgrep i tidvassteori og om variasjonar av havnivå som ikkje er knytt til tidevatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme på ulike, geofysiske problem
- kan gjennomføra og formidla analyse av havobservasjonar
- kan skrive og presentera oppgåveløysing i tråd med god vitskapleg praksis
- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområda oseanografi, klima og fornybar energi
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av forelesningar.
Forelesingar / 4 timar pr. veke i 13 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Avsluttande, munnleg eksamen, inkludert framlegging av programmeringsoppgåver og spørsmål om oppgåver frå undervisninga, utgjer 100% av karakteren.