Geokjemiske System: Samspel mellom Geologiske og Biologiske prosessar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV109
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/Engelsk. Delar av kurset blir undervist på engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Kurset tek sikte på å gi ei brei innføring i geokjemiske prinsipp og forskingspraksis som blir brukt for å forstå prosessar som opererer på, i og mellom jordas ulike geokjemiske og geobiologiske system (mantel, skorpe, hav, atmosfære) og livets rolle i slike prosesser.
Innhald: Emnet gir ein introduksjon til grunnleggenda geokjemiske metodar og praksisar som blir brukte i disiplinar som vassbiogeokjemi, sporelementsgeokjemi og geomikrobiologi. Frå og med elementer, og fordelinga deira mellom jordas reservoar, diskuterer dette kurset kvifor og korleis geokjemiske reaksjonar oppstår og gir opphav til global biogeokjemisk syklus mellom reservoara, og livets rolle i slike prosesser. Desse konsepta vil bli utvikla og nytta ved hjelp av ein kombinasjon av lokalt/regionalt feltarbeid og studentaktiv læring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- samanlikna samansetninga av jordas geokjemiske hovudreservoar
- bruka åtferda til kjemiske element deira for å identifisera og forklara geokjemiske prosessar
- skilje mellom hovud- og sporelement i bergartar og vassystem
- samanfatta kva dei viktigaste globale elementssyklusane er, og dei viktigaste prosessane som styrer desse syklusane
- beskriva karbonatsystemet og dets rolle i det globale karbonkretsløpet
- forklara korleis reaksjonslikevektskonstantar fungerer
- kopla viktige mikrobielle metabolisme med distribusjonen deira og geokjemiske påverknader
- evaluera åtferda til geokjemiske artar med tanke på viktige pH, redoks og væske-bergarts-mikrobiologiske prosessar
Ferdigheiter
Studenten kan
- kvantifisera uvisse om måleparametrar i geokjemi
- samanlikna og evaluera reelle geokjemiske data for å utvikla konklusjonar
- designa og gjennomføra enkle feltarbeidsstrategiar for geokjemisk prøvetaking
- balansera ulike geokjemiske reaksjonslikningar (redoks, væske-mineral)
- bruka geokjemiske data for å identifisera mikrobielle habitat og nisjar
Generell kompetanse
Studenten kan
- effektivt og etisk gjennomføra feltarbeid, prøvetaking og analysar individuelt og i samarbeid
- bruka grunnleggjande databehandlingspraksis og programvare (t.d. rekneark)
- formulera grunnleggjande forskingsspørsmål og hypotesar
- bruka eit presist vitskapleg språk for å formidla resultat
- effektivt bruka grafiske/visuelle hjelpemiddel for å presentera funn (t.d. for ein plakat)
- gjennomføra feltutflukter i samsvar med HMS praksis ved GEO/UiB
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset inkluderer undervisningsaktivitetar i 6 timar per veke. 6 timar til per veke er forventa brukt på sjølvstudium og mappearbeid.
Ekskursjon: 2 dagar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte på øvingar. Me har som mål å sikra at alle studentar har like høve til å delta i dei obligatoriske aktivitetane i dette kurset.
Vurdering blir berre tilboden i sjølve semesteret undervisning blir gitt.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Det er ikkje mogleg å klage på mappevurderinga i dette emnet, då fleire deler av vurderinga foregår munnleg i undervisninga og ikkje vil kunne gjenskapast i ein klageprosess.