Akademisk skriving og kommunikasjon i geovitskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har til føremål å gje studentane øving i å presentere vitskaplege arbeid og resultat. Studentane skal i løpet av semesteret velgje eit emne (i samråd med hovedfagsrettleiar) som presenterast først i eit essay med etterfølgjande munnleg presentasjon. Essayet vil bli lest og kommentert av to medstudentar. Dei munnlege presentasjonane framførast på eit intensivt mini-seminar for andre deltakarar på kurset. Etter kvar presentasjon vil det bli kommentarar og diskusjon blant kursdeltakarsne om fagleg innhald og presentasjonsteknikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Ferdigheiter:
- Finne relevant informasjon om eit sjølvvalgt emne innan geovitskap
Generell kompetanse:
- Strukturere og skrive eit essay som skildrar emnet på eit nivå som medstudentar kan forstå.
- Strukturere, førebu og halde ein presentasjon om emnet på eit nivå som medstudenter kan forstå.
- Gje konstruktiv feedback om fagleg innhald og presentasjonsteknikk i eit skriftleg arbeid og til foredragshaldarar.
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Masteremne
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i geovitskap (geologi/ geofysikk)
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp med andre kurs.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Individuelle oppgåver, seminar og gruppearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på mini-seminar + innlevering av 2 skriftlege reviews.
Vurderingsformer
Seminaroppgåve og munnleg presentasjon. Vurdering er kun mogleg i semester med undervisning
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust. Vurdering er kun mogleg i semester med undervisning
Litteraturliste
Kvar student set opp ei individuell litteraturliste i samråd med rettleiar
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.