Avansert anvendt seismisk analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Avansert anvendt seismisk analyse har som mål å gje erfaring i bruk av avanserte metodar for seismisk modellering, prosessering og avbilding. Vidare er målet at studenten skal få djupare innsikt i båe fordelar og ulemper ved dei ulike metodane, samt få erfaring i framføring av vitskapeleg arbeid.

Innhald:
Kurset nyttar prinsipp frå prosjekt basert læring ved at studentane får to større oppgåver som skal løysast, samtidig med at det vert gjeve kontinuerlig vegleiing i litteratur og programvare som er naudsynt for å løyse prosjekta. Kurset er tre-delt. I fyrste del blir det gjeve ein gjennomgang av dei grunnleggande prinsipp for seismisk modellering, prosessering og avbilding. Dette gjerast parallelt med at studentane får ein introduksjon til dei programma som skal nyttast vidare i kurset. Deretter vert det gjennom ein oppgåve demonstrert seismisk modellering ved bruk av stråleteori, endelege differansar og såkalla hybride metodar. I siste del av kurset vert det gjennom ein ny oppgåve demonstrert verkemåten til ulike algoritmar for seismisk prosessering og teknikkar for seismisk migrasjon. Resultata frå kvart prosjekt skal framførast munnleg og i tråd med retningslinjer som gjeld for ein vitskapeleg konferanse. Kvart prosjekt med framføring må godkjennast før ein får høve til å ta eksamen. Kurset egnar seg særs godt for dei som skal nytte seismiske metodar i forskingsdelen til master eller PhD-arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • forklara detaljert om prosedyrar for seismisk modellering
  • forklara detaljert om prosedyrar for seismisk prosessering
  • forklara dei viktigaste prinsippa som gjeld for ulike typar seismisk migrasjon
  • vurdera val av metode for seismisk modellering ut frå kompleksiteten til den geologiske modellen
  • vurdera val av sekvens av metodar for seismisk prosessering ut frå antatt kompleksitet til den geologiske formasjonen
  • strukturere resultata frå prosjektarbeid og presentera desse munnleg på eit vitskapelig format

Ferdigheiter
Studenten kan

  • gjere seismisk modellering
  • gjere seismisk prosessering
  • samanfatte resultat frå prosjektarbeid og presentere desse på ein kortfatteleg måte

Generell kompetanse
Studenten har

  • opparbeid ei forståing for ulike avanserte metodar for seismisk data analyse
  • erfaring i seismisk modellering, prosessering og avbildning
  • erfaring i prosjektarbeid og vitskapeleg framføring av resultata
  • vist forståing for vitskapleg etikk og evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF395
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/PhD-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 1 timar/veke

Øvingar med rettleiing, 3 timar/veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må få gå godkjent to større prosjekt oppgåver og munnlege presentasjonar av desse før eksamen. Eksamen vil i stor grad verte basert på studentens rapportering av dei to prosjekta. Prosjekta er godkjende i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først var godkjende.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftlege oppgåver og munnlege presentasjoner
Munnleg eksamen

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere mappe i semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.