Global Health

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei forståing av dei store utfordringane i global helse.

Innhald:

Kurset inneheld tre deler:

  1. Teori og gruppearbeid (6 veker) ved Senter for internasjonal helse, UiB.
  2. Feltbesøk (8 veker): Observasjon og deltaking ved ein institusjon i låg-inntekts land.
  3. Eksamensperiode

Den første delen dekkjer ei rekkje aspekt ved Global helse. Det vil bli førelesingar med fokus på dei store utfordringane i global helse. Samanhengen mellom fattigdom og helse vert utheva, likeeins samanhengen mellom helse og sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle faktorar.

Tema innan global helse som vert omhandla er folkehelse, store og viktige sjukdomar, etikk, antropologi, økonomi og helsesystem. Førelesingar og gruppearbeid er obligatoriske.

Den andre delen av kurset er observasjonar og deltaking i arbeid på sjukehus og primærhelsetenester i låg-inntektsland, primært ved institusjonar der det allereie er samarbeid med UiB.

I den tredje delen skriv studentane eit essay over eit tema innan global helse. To studentar kan samarbeide. Oppgåva skal presenterast og diskuterast i plenum mot slutten av semesteret.

Emneinformasjons nettside: https://www.uib.no/en/cih/72094/field-visit

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Etter kurset kan studenten:

  • Forklare likskapar og skilnader mellom låg-, mellom- og høginntektsland når det gjeld helse og demografisk utvikling
  • Greie ut om menneskerettar knytta til helse
  • Beskrive dei store globale sjukdommane og epidemiane
  • Greie ut om dei finansielle hindringane i internasjonal helse
  • Greie ut om ulike måtar å prioritere i helsevesenet
  • Kjenne til vansker ved diagnostikk i LIC
  • Skildre sjukdomspanorama i låginntektsland
  • Skildre utfordringar i helsevesenet i låginntektsland
  • Forstå korfor intervensjonar i låginntektsland ikkje alltid lukkast

Ferdigheiter

Etter kurset kan studenten:

  • Diskutere korleis viktige sjukdomar er med på å påverke utviklinga i samfunnet
  • Diskutere korleis ulike intervensjonar kan betre folkehelsa
  • Vurdere organisatoriske problem i helsesystem i låginntektsland
  • Diskutere etiske emne i internasjonal helse,
  • Beherske diagnostikk med avgrensa diagnostiske reidskap
  • Tilpasse diagnostisering av tilstandar ut frå tilgjengelege ressursar
  • Kjenne igjen nokre vanlege tilstandar ved helseinstitusjon i låginntektsland

Generell kompetanse

Etter kurset kan studenten:

  • Ha eit globalt perspektiv på å vere helsearbeider
  • Forstå konsekvensane av globaliseringa for medisinsk vitskap.
  • Respektere kollegaers vanskelege situasjon i LIC
  • Samarbeide med kollegaer i låginntektsland

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor (100)

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Teori og eksamen: Det medisinske fakultet

Feltbesøk, fortrinnsvis ved institusjonar med samarbeidsavtalar med UiB.

Eksempel er:

- Makerere University, Kampala i Uganda ;

- Haydom Lutheran Hospital, Tanzania;

- Mzuzu Regional Hospital, Malawi;

- Ruhuna University, Galle, SriLanka

Krav til forkunnskapar
Studentar som har gått minst 3 år på medisinstudiet eller 2 år på psykologistudiet, eller annan relevant utdanning
Tilrådde forkunnskapar
Klinisk undersøkelsesteknikk
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett

Medisinarstudentar ved Universitetet i Bergen i valtermin (etter 3 år) eller studentar med liknande bakgrunn kan søkje om opptak.

Studentar på forskarlinja kan også søkje, men må ha tilråding frå sin vegleiar og dokumentere relevans for sitt forskingsprosjekt.

Talet på studentar kjem an på talet på ledige plassar for feltbesøket. Ved fleire søkjarar enn plassar vil det gjennomførast loddtrekking.

Arbeids- og undervisningsformer

Teoridelen: Førelesningar, seminar, gruppeøvingar, diskusjon av videofilmar.

På feltbesøk: Observasjon av helsetenester i låg-inntektsland og ulike praktiske øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forelesingar og gruppearbeid.
Vurderingsformer
Studenten skriv eit essay som presenterast og diskuterast i plenum.
Karakterskala
Bestått/ikke bestått
Litteraturliste

Valgfritt:

Skolnik: Global health 101 3rd ed.

Emneevaluering
Evaluering siste kursdag.