Global Theory
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 12
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GLOBALTHEORY
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei forståing av dei store utfordringane i global helse
Innhald:
Emnet dekkjer ei rekkje aspekt ved Global helse. Det vil bli førelesingar med fokus på dei store utfordringane i global helse. Samanhengen mellom fattigdom og helse vert utheva, likeeins samanhengen mellom helse og sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle faktorar. Tema innan global helse som vert omhandla er folkehelse, store og viktige sjukdomar, etikk, antropologi, økonomi og helsesystem. Førelesingar og gruppearbeid er obligatoriske.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter kurset kan studentane:
- Forklare likskapar og skilnader mellom låg-, mellom- og høginntektsland når det gjeld helse og demografisk utvikling
- Greie ut om menneskerettar knytta til helse
- Beskrive dei store globale sjukdommane og epidemiane
- Greie ut om dei finansielle hindringane i internasjonal helse
- Greie ut om ulike måtar å prioritere i helsevesenet
Ferdigheiter:
Etter kurset kan studentane:
- Diskutere korleis viktige sjukdomar er med på å påverke utviklinga i samfunnet
- Diskutere korleis ulike intervensjonar kan betre folkehelsa
- Vurdere organisatoriske problem i helsesystem i låginntektsland
- Diskutere etiske emne i internasjonal helse
Generell kompetanse:
Etter kurset kan studentane:
- Ha eit globalt perspektiv på å vere lege
- Forstå konsekvensane av globaliseringa for medisinsk vitskap.
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Medisinstudentar ved Universitetet i Bergen.
Studentar ved andre helseprofesjonsstudiar ved UiB kan søkje. Studentar med relevant fagkrets vil bli føretrekte.
Søknad via skjema for hospitantstudierett.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Litteraturliste
Levine: Case studies in Global health. Millions saved.
Skolnik: Essentials of Global health.
Valfritt:
Lindstrand: "Global health"
Markle: "Understanding global health"