Kvalitetsforbedring i helsetjenesten
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HEKVAL620
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målsetninga med emnet er å gi studentene kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i høve til å forbetre og sikre kvalitet på helse- og omsorgstenester.
Studentane skal blant anna få innsikt i:
- Forventningar og krav til kvalitet frå pasientar og styresmakter
- Kva for teoriar og metodar for kvalitetsforbetring som er mest relevante for norsk helsevesen
- Korleis måle og vurdera kvalitet
- Korleis utvikla og innføra eit kvalitetssystem i ei avdeling eller organisasjon
- Korleis rettleia einskildpersonar, grupper og organisasjonar gjennom kvalitetsutviklingsprosessar
- Kva for krav som vert stilt til leiarar som vil utvikla god kvalitet i ein organisasjon
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Kandidaten har avansert kunnskap om sentrale teoriar og det vitskapelege grunnlaget for kvalitetsforbetring i helsetenesta.
- Kandidaten har inngåande kunnskap om kvalitet som omgrep og førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt i tenestene.
- Kandidaten har inngåande kunnskap om korleis samfunnsmessige endringar, rammevilkår, ny kunnskap og innovasjonar kan påverke kvaliteten og moglegheita for kvalitetsforbetring i helsetenesta.
- Kandidaten har avansert kunnskap om metodar og verktøy for forbetring av kvalitet og kan anvende desse på ny område.
- Kandidaten har inngåande kunnskap om tydninga av brukarmedverknad i utviklinga av tenestene.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å avdekke og forstå moglege konsekvensar av kvalitetssvikt i tenestene.
- Kandidaten kan ved hjelp av teoriar, metodar og innøvde ferdigheiter på sjølvstendig grunnlag planlegge, gjennomføre og evaluere kvalitetsforbetring.
- Kandidaten kan legge til rette for brukarmedverknad i utvikling av tenestene.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan ved hjelp av kunnskapane og ferdigheitene sine bidra til systematisk kvalitetsforbetring i helsetenesta.
- Kandidaten kan kommunisere og formidle analysar og konklusjonar angåande tenestekvalitet til leiarar, kollega og allmenheita.
- Kan analysere og forstå korleis organisering og tilrettelegging av tenestene påverkar brukarane si oppleving av heilskaplege og koordinerte tenester.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Ved sida av førelesingar består undervisinga av eigenaktivitet i form av gruppebasert læring. Det vert gjeve høve til å analysera praktiske eller teoretiske problem med utgangspunkt i eigen praksis, og studenten presenterer oppgåver for kvarandre.
Deltidsstudiet er lagt opp med 4 vekes-samlingar i Bergen. Studiet går over eit tidsrom på cirka 6 månader. Det må reknast med tid til sjølvstudium mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minimum 80% oppmøte til undervisning
Gruppeoppgåve. Oppgåva vert presentert i plenum med påfølgjande diskusjon. Denne vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Arbeidskravet må vere bestått før eksamen.