Islam og politikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIM103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt blir emnet undervist på norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Forholdet mellom religionen islam og politisk makt har vore eit sentralt debattema i den historiske utviklinga i nyare tid. Dette emnet fokuserer på teori og praksis i vår tid, satt i ei historisk ramme. Etter eit studium av politisk teori og praksis i klassisk tid, fokuserer emnet på dei ulike formene for religiøs politisk praksis i islam i det siste hundreåret, med vekt på framveksten av moderne islamisme. Denne blir studert i sine konkrete utformingar i sentrale land i Midtausten, og med fokus på ulike retningar og variasjonsbreidda i ytringsformene for islamsk politisk praksis.
Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap om karakteristiske trekk i ulike oppfatningar og praksisar rundt politisk islam i nyare tid.
- har kunnskap om dei røttene denne praksisen har i islamsk klassisk teori, og variasjonen innanfor begrepet politisk islam.
- kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til temaet og trekke eigne konklusjonar.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Undervisninga går føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).
Emnet vert ikkje tilbode kvar haust, men alternerer med dei andre fordjupingsemna innan Midtaustens historie (HIM104, HIM105).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.
Emnet byggjer på HIM101.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
- 6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
For å ta eksamen, må studenten ha fått godkjend den obligatoriske øvingsaktiviteten.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Skriftleg eksamen vert òg avvikla i vårsemesteret. Denne eksamenen er berre open for dei som har ei godkjend obligatorisk øvingsoppgåve (sjå punktet «Obligatorisk undervisningsaktivitet»).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1300 sider.