Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS108
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi oversyn over norsk og europeisk historie i eit kjønnsperspektiv og gi ein innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie.
Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kjønna har hatt å seie både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna og i forståinga av kjønn har verka inn på levekår og handlingsrom gjennom tidene.
Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene.
- kjenner til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjønna.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.
Generell kompetanse
Studenten
viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Undervisninga går normalt føre seg i siste halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk skriftleg arbeid på om lag 1500 ord
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på om lag 1500 ord. Fristar og retningslinjer for obligatorisk undervisningsaktivitet blir gjort kjent ved studiestart.
Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i eit semester etter det semesteret den vart godkjend.
Vurderingsformer
- 6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera gyldige for å kunne møte til eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 2 (slutten av haustsemesteret).
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamenen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.