Historie: Forskingsproblem og kjeldearbeid
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HIS303
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt vert emnet undervist på norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.
I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.
Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.
Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har studenten djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema.
- er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet.
- kan studenten analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking og formulering av eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme.
- viser sjølvstendige evner gjennom dei skriftlege arbeida til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret ein tilhøyrer.
Undervisninga vil elles vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Studentane skriv ei oppgåve på om lag 6000 ord. Studentane får ei individuell tilbakemelding på oppgåva.
Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.