Historieformidling
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS308
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Gjennom studiet vil studentane få betre kjennskap til ulike formidlingsformer i historie, og aktuelle problemstillingar som reiser seg i møtet mellom historie som forskingsfag og samfunnets behov og forståingshorisont.
Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap knytt til samfunnets historiebruk, samt øve opp praktiske ferdigheiter i historieformidling.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til relevante teoretiske tilnærmingar til fortidsformidling som fenomen, og kva utfordringar ein som historikar står overfor når det gjeld å formidle ein fagleg bodskap til eit breiare publikum.
- kjenner til ulike faglege formidlingsformer, og dei spesifikke utfordringane desse formidlingsformene representerer.
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å vurdere og analysere ulike former for fortidsformidling ut frå ein teoretisk ståstad.
- er også i stand til å kunne utvikle og kritisk reflektere rundt eiga formidling.
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere og analysere ulike former for fortidsformidling, og sjølv formidle eit fagleg tema til eit breiare publikum.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Undervisninga går føre seg om i første halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk munnleg arbeid.
Emneansvarleg kan opne for at studentar svarer på det munnlege arbeidet i form av presentasjon, video eller podcast med ei lengde på 10-15 minutt. Innleveringa må innhalde liste over kjelder og litteratur som er nytta.
Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Mappevurdering
Studenten skal skrive 2 oppgåver, éi på om lag 1500 ord og éi på om lag 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste). Oppgåvene skal innehalde referansar til litteraturen som er nytta.
Totalt skal mappa ha eit omfang på om lag 4500 ord, og får ein samla karakter. Tekstane i mappa vert vekta likt.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Litteraturlista er på om lag 600-750 sider. I tillegg utarbeider studentane ei liste med sjølvvalt litteratur på om lag 600-750 sider.