Algebraisk kodeteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF243
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Feilkorrigerande koder gjer det mogleg å skapa nye applikasjoner på høgare protokollag, til dømes effektiv og trygg distribuert lagring i skyen, protokollar for kommunikasjon med låg forseinking, privat innhenting av informasjon og distribuerte berekningar, inkludert sikre versjonar av desse funksjonane. Målet med emnet er å byggje det algebraiske grunnlaget for utforming av kodar for desse applikasjonene, og å visa korleis applikasjonane kan implementerast.
Innhald:
Emnet tek opp vanlege algebraiske kodekonstruksjonar baserte som sykliske kodar, BCH-kodar og Reed-Solomon kodar. Vidare studerar ein kodar som brukast i protokollar på høgare lag i Internett og i lagringssystem, til dømes distribuerte system for lagring, enkeltsti- og fleirstikommunikasjon på transportlag, privat informasjonsinnhenting, effektiv og sikker distribuert berekning, nettverkkoding og indekskoding
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal ha kunnskap om
- Informasjonsteoretiske grensar for oppnåeleg effektivitet for lagringssystem og kommunikasjonssystem
- Effektive koder for, og teknikker for koding av, for slike system
Ferdigheter.
Studenten er i stand til å
- Implementere protokoller for distribuert lagring i programvare
- Implementere protokoller for effektiv og sikker distribuert berekning i programvare
- Implementere transportlagprotokoller for kommunikasjon med redusert latens i programvare
- Implementere protokoller for privat innhenting av informasjon i programvare
- Optimalisere parametrar for kommunikasjons- og lagringssystem i henhald til eit mangfoldig sett av kriterar
Generell kompetanse.
Studenten
- er kjent med nye idear og innovasjonsprosesser,
- kan utveksle meiningar med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar / 4 timar pr. veke
Førelesningar / 13 veker
Øvelser: 2 timer i uken
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vera bestått då begge elementa testar emnet sitt læringsutbyte. Vektinga vert kunngjort på Mitt UiB ved semesterstart.
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. På første påfølgjande tidleg eksamen vert resultatat frå resten av mappa vidareført.