Italiensk litteratur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ITAL122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kjenner pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira godt
- kan skildre hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå byrjinga av det 20. hundreåret og fram til vår tid
- kjenner til eit utval av sentrale forfattarskap og litterære epokar i moderne italiensk litteratur
- kjenner til eit utval av sentrale språklege og litterære verkemiddel og bruken av dei i dei ulike tekstsjangrane på pensum.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan skildre, analysere, samanlikne og tolke pensumtekstane
- kan identifisere eit utvalg av dei språklege og litterære verkemidla i pensumtekstane og skildre dei på italiensk både skriftleg og munnleg
- kan sjå samanhengar mellom pensumtekstar på tvers av sjangre, epokar og stiler
- kan plassere pensumtekstane i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
- kan bruke språklege og litterære verkemiddel og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
- kan bruke den fagspesifikke kunnskapen og dugleiken i ein breidare, litterær kontekst
- kan kommunisere både munnleg og skriftleg på italiensk på eit nivå utover det elementære.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar seminar kvar veke i ein periode på 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal det haldast ein presentasjon for dei andre studentane på omlag 10 minutter. Temaet for presentasjonen skal være knytt til pensum og kan ta form av munnleg innlegg, video eller andre munnlege former.
Det skal og skrivast ei øvingsoppgåve på italiensk på omlag 500 ord. Oppgåva vert kommentert av faglærar og skal leverast seinast 2 uker før utlevering av eksamensoppgåvene.
Dei obligatoriske oppgåvene vert vurderte til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret desse blir gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.