Moderne italiensk kortprosa
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITAL125
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å byggje ut språkkunnskapane hjå studentane. Eit anna mål er å gje ei innføring i skjønnlitterære tekstar frå det 20. hundreåret.
Emnet er basert på studium av eit utval kortprosatekstar frå moderne italiensk litteratur. Tekstane skal studerast i eit språkleg og kulturhistorisk perspektiv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har språkleg og tematisk innsikt i dei utvalde tekstane
- har noko kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan drøfte språklege element i moderne italiensk kortprosa
- kan analysere pensumtekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv
- kan formidle og drøfte kunnskapar innanfor fagområdet på munnleg og skriftleg italiensk.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
- kan vidareutvikle kunnskapane sine og har evna til å gjere bruk av dei i ein større samanheng.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 dobbeltimar seminar (altså 4 undervisningstimar) kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levere inn tre skriftlege øvingsoppgåver kor dei skal øve seg på dei ulike komponentane i ein litterær analyse. Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Alle øvingsoppgåver må vere godkjent i undervisningssemesteret for å kunne ta eksamen. Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.