Introduksjon til journalistikk og akademisk skriving

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ein introduksjon til journalistikk ved å fokusere på fire tilnærmingar til feltet:

1) Innføring i grunnleggande aspekt ved journalistrolla: journalistikken sitt samfunnsoppdrag, profesjonshistorie og etisk rammeverk.

2) Ein serie workshops der innsikt i visuell, auditiv og tekstuell analyse fungerer som introduksjon til praktisk og teknisk trening i grunnleggande nyheitsjournalistikk. Studentane får opplæring i digitale verktøy for stillbilde, video, lyd, redigering og publisering. Dei får ei første innføring i, og tilbakemeldingar på, idéutvikling, research og enkel nyheitsproduksjon for fleire plattformar.

3) Studentane blir også introduserte for dei mange mediebedriftene i Media City Bergen der dei lærer om aktuelle kontaktpunkt og moglege samarbeidsformer med redaksjonane i dei komande semestra.

4) Emnet gir ei forståing av forholdet mellom teori og praksis innanfor journalistikk. Studentane får undervisning i akademiske tenkemåtar, metodar og ressursar. Dei lærer å finne fram til og bruke relevante akademiske kjelder. Studentane lærer konvensjonar for relevante akademiske tekstar, slik at dei seinare i studieløpet har god kjennskap til ulike, relevante, akademiske oppgåvetypar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om journalistikken si samfunnsrolle, profesjonshistorie, journalistrolla og nye etiske utfordringar i faget
  • har kunnskap om relevante akademiske oppgåvetypar og korleis desse skal løysast.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har grunnleggande ferdigheiter i nyheitsproduksjon gjennom relevant bruk av digitale verktøy for video, lyd, stillbilde, redigering og presentasjon på fleire plattformer
  • kan plassere seg sjølv, sine eigne mål og motivasjon for å studere journalistikk inn i dette landskapet
  • kan finne fram til og bruke relevante akademiske kjelder i oppgåver som analyserer og reflekterer omkring journalistisk praksis

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet journalistikk
  • kan planleggje og gjennomføre enkle nyheitsproduksjonar for fleire plattformar, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan på eit begynnande vis reflektere analytisk over eigen praksis

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI106 (10 sp) JOU101 (10 sp) MEPRO100 (10 sp)

Studentar som har tatt eitt eller fleire av desse emna tidlegare, må ta kontakt med studierettleiar.  

Krav til studierett
Reservert for studentar på bachelorprogrammet i journalistikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og inkluderer:

  • Opplæring i teknisk utstyr, programvare og foto (100% oppmøteplikt)
  • Anna undervisning (minimum 80% oppmøteplikt)
  • Innlevering og godkjenning av oppgåver i samband med workshops
  • Utkast til emneoppgåve - under rettleiing

Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Emneoppgåve basert på eigen produksjon, på 2500-3000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.