Planrett
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JUS265-2-A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Rettsdisiplinen planrett (JUS 265-2-A) gjeld sentrale reglar som er styrande for samfunnsutvikling og arealforvaltning. Kurset føreset grunnleggjande forståing for alminneleg forvaltningsrett og tingsrett. Den sentrale lova i dette kurset er plan- og bygningslova, men emnet skal også gi ein djupare kunnskap om samspelet mellom plan- og bygningslova og forvaltningslova, og samspel mellom offentleg rett og privat rett.
Sentrale emne i kurset er reglane om kva for offentlege organ som har kompetanse til å forvalte arealet (personell kompetanse), framgangsmåten ved handsaming av plansaker og einskildvedtak (prosessuell kompetanse) og i kor stor grad kommunen har kompetanse til å planleggje til bruk og vern av fast eigedom og sjøareal i medhald av denne lova (materiell kompetanse). Vi ser nærare på kva som kan vere innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak.
I kurset vert det gjort nokre djupdykk i praktiske og viktige emne. Sentrale emne i kurset er byggjeforbodet i strandsona, dispensasjon og ulovleg bygging. Vidare er innløysing og ekspropriasjon, ein del av dette faget. Viktige tema er også i kor stor grad kommunen har kompetanse og plikt til å leggje vekt på privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging, rett og plikt til å ta omsyn til miljøet og rettsleg kontroll med kommunale forvaltningsvedtak.
Læringsutbyte
KUNNSKAP
Studenten har djupare kunnskap om planlova som verkemiddel for styring av areal og ressursar, og korleis planlova verkar saman både med andre offentlege lover og prinsipp og reglar for vern av privat eigedomsrett. Dette inneber kunnskap og forståing for:
- plan- og bygningslova sin systematikk
- reglar om tilhøvet mellom kommunal og statleg styring i plansaker, under dette reglar om motsegn
- reglane om sakshandsaming ved planvedtak og konsekvensutgreiing
- dei rettslege styringsverkemidla kommune- og reguleringsplan, og særleg om kva som kan inngå i rettsleg bindande føresegner til dei ulike plantypane
- reglar om innløysing og ekspropriasjon
- tilhøvet mellom forvaltningslov og plan- og bygningslov, og plan- og bygningslov og andre sektorlover
- reglar om søknadsplikt for tiltak
- regelen om byggjeforbodet i 100-metersbeltet og rekkjevidda av heimel til å gi dispensasjon
- reglane om kommunen sin kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved arealplanlegging og einskildvedtak
- rett og plikt til å ta omsyn til miljøet
- rettsleg kontroll med forvaltningsvedtak
FERDIGHEIT (DUGLEIK)
Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:
- å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere rettslege problemstillingar og samanhengar
- å føreta ei sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på grunnlag av det aktuelle rettskjeldebiletet
- å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaringar av underliggande rettslege og samsfunnsmessige verdiar, og spenningar mellom ulike type gyldige argument
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er åpent for studenter med en av følgende studieretter:
- Studierett på integrert masterprogram i rettsvitenskap
- Studierett på toårig masterprogram i rettsvitenskap
- Særskilt studierett til spesialemner ved Det juridiske fakultet
- Poststudierett ved Det juridiske fakultet
- Innvekslingsstudenter ved Det juridiske fakultet
Forkunnskapskravet kan likevel begrense enkelte studenters adgang til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Frivillig oppgåvekurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Digitale hjelpemidler
Se fakultetets utfyllende regler§ 3-8. Digitale utgaver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka være tilgjengelige i Inspera under eksamen.
I tillegg er følgende tillatt på denne eksamenen:
Alle rettskilder i Lovdata
Analoge hjelpemidler
Analoge hjelpemidler er utfaset fra og med studieåret 2020/21, se SU-sak 61/20.