Kinesisk språk 4

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

KIN104 byggjer på KIN103 og har vidare begynnarundervising i og om det kinesiske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og normalt høfleg tale. Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået.

Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal meistre eit vokabular på 300 ord knytte til kvardags- og samfunnsliv, samt 160 skriftteikn. Dei skal òg lære å uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema. Korrekt uttale vert vektlagd.

Læringsutbyte

Studentane skal

- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.

- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til kvardags- og samfunnsliv og 160 skriftteikn.

- kunne skrive ei rekkje av dei mest nytta kinesiske teikna utan å konsultere vokabularliste eller ordbok.

- kunne uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
KIN103 eller tilsvarande kunnskapar. Det er ein klar føremon å ta KIN103 og KIN104 i same semester. God dugleik i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 10-12 timar undervisning i veka, i 6 veker i andre halvdel av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har 5 obligatoriske heimeoppgåver. I tillegg skal studenten i løpet av semesteret halde minst éin munnleg presentasjon. Studenten må få 4 av 5 heimeoppgåver pluss presentasjonen godkjent for å kunne framstille seg til vurdering.

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Fire timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty. Ordbøker og eiga grammatikkbok.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for kinesisk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.