Pedagogikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om lærarrolla i skulen i dag med særleg fokus på problemstillingar knytt til yrkesetikk, profesjonsforståing og skulekultur, danning og sosialisering i eit fleirkulturelt samfunn.

Grunnleggande i emnet er kjennskap til og forståing for skulen som organisasjon og formelle rammer for utdanning i Noreg (aktuelle lov- og planverk og deira historikk).

Pedagogikkemna gjev saman med dei fagdidaktiske emna studentane reiskapar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • generell didaktikk.
  • profesjons- og kulturforståing for læraryrket.
  • danning og sosialisering.
  • skulen i eit kultur- og demokratiperspektiv.
  • profesjonsetikk.
  • skulehistorie med særleg fokus på kunstfaga i skulen.
  • skulen sitt samfunnsmandat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har god kunnskap om skulekultur og lærarrolla.
  • har god kunnskap om endring i skule og samfunn og korleis dette påverkar ulike aktørar.
  • har god kunnskap om estetiske dimensjonar i skulesamfunnet.
  • har god kunnskap om yrkesetikk.
  • har god kunnskap om overgrep mot barn og unge, om vanskelege livssituasjonar som barn og unge kan komme i, samt kjennskap til hjelpeinstansar.
  • har god kunnskap om samanhengar mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skulens og læraren si rolle i samfunnet.
  • har god kunnskap om skulen sitt samfunnsmandat, slik det er gitt i aktuelle lov- og planverk.

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan analysere og drøfte undervisningssituasjonar i lys av fagbegreper.
  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplanar og andre styringsdokument og sjå dette i lys av skulen sitt danningsoppdrag.
  • kan identifisere, analysere og drøfte relevante profesjonsetiske problemstillingar.
  • kan analysere og drøfte ulike utfordringar i lærarrolla og lærarkulturen, inklusiv yrkesetiske problemstillingar og korleis lærarar på ulik vis kan forholda seg til endringar i samfunnet og skulen.

Generell kompetanse

Studenten..

  • er tydeleg på kva som er ansvaret og oppgåvene i skulen, og er i stand til å balansere dette.
  • har ei profesjonell haldning og kan kunnskapsbasert og kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevane si læring og danning.
  • kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor lærarprofesjonen.
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.
  • kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk.
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag.

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til studierett
Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning vert gjeve i form av forelesingar, seminarundervisning, gruppearbeid og diskusjonar og presentasjonar - både individuelt og i gruppe.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Studentane skal i løpet av gitt frist levere eit skriftleg samandrag av ein pensumtekst, og ein munnleg presentasjon av same tekst. Dette skjer gruppevis i form av samarbeidslæring.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • praksisrefleksjonsoppgåve på 2500-3000 ord som skal leverast i 2. semester (vår). Problemstilling og tematikk skal reflektera innhaldet i emnet og godkjennast av rettleiar.
  • munnleg eksamen, ca. 25 minutt.

Desse to eksamensdelane er vekta likt. Minimum to sensorar, kor av ein skal vera ekstern.

Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk, har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.