Kjønnsforskinga sine tenkjemåtar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KVIK100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
KVIK 100 gir ei brei og grunnleggjande innføring i sentrale omgrep i studiet av kjønn. Studentane får øving i å tenkje kritisk om kjønn gjennom arbeid med historiske og notidige tekstar, og med kjønnsrepresentasjonar i sosiale, kulturelle, politiske og vitskapelege samband. Emnet introduserer studentane til vidare tverrfagleg arbeid med kjønn og kjønna representasjonar innan ei rekkje fagdisiplinar. Emnet legg vekt på å øve studentane opp i sjølvstendig vitskapleg tenking og analyse, og i å kunne skrive akademiske tekstar med kjønnsproblematikk. Studentane skal og øvast opp i å søkje alternativ informasjon og kunnskap på eiga hand.
KVIK100 er eit obligatorisk emne i bachelorprogrammet i kjønnsstudium.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten...
- kjenner til grunnleggjande omgrep i studiet av kjønn
Ferdigheter:
Kandidaten...
- kan reflektere sjølvstendig over kjønna representasjonar i notidige og historiske tekstar, og i sosiale, kulturelle, politiske og vitskaplege samband
- kan drøfte relevansen av kjønnsperspektiv på andre fagområde og i aktuelle problemstillingar, og reflektere kritisk over ulike former for kjønnsstudium
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- kan leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Det er obligatorisk oppmøte på seminara (minst 75 %)
2. Studenten skal levere litteraturliste
3. Studenten skal levere eit skriftlig utkast til semesteroppgåve og få rettleiing på denne
Vurderingsformer
Semesteroppgåve og skuleeksamen (2 timar). Oppgåva skal vere på om lag 2500 ord, og over eit emne vald i samråd med emneansvarleg. Semesteroppgåva vil telje 70 % og skuleeksamen 30 % for den endelege karakteren.
Semesteroppgåve og skuleeksamen skal normalt takast i same semester, men dersom ein student stryk eller har gyldig fråver på skuleeksamen kan denne takast semesteret etter.
Begge eksamensdelar må vere bestått for å få eit samla resultat i emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.
Tekstane er på norsk og engelsk.
Pensum er på om lag 600 sider.