Kjønn i det moderne
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KVIK101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
KVIK101 Kjønn i det moderne har eit todelt fokus. For det første gir emnet ein introduksjon til ulike forståingar av kjønn og seksualitet frå opplysningstida og fram til i dag. Desse forståingane ses i samanheng med politiske, økonomiske og filosofiske endringar og tilhøyrande maktstrukturar og nye vitskapar. Særleg vekt blir lagt på feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv.
For det andre gir emnet ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og debattar i studiet av kjønn og seksualitet, gjennom tekstnære lesingar av viktige tenkarar på området.
KVIK101 er eit obligatorisk emne i bachelorgraden i kjønnsstudium.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK101
- har oversikt over historiske forståingar av kjønn og seksualitet, særleg i moderne tid
- har oversikt over sentrale problemstillingar og diskusjonar i studiet av kjønn og seksualitet, inkludert tema som gjeld mangfald
- har oversikt over sentrale teoretiske omgrep, perspektiv og retningar i studiet av kjønn og seksualitet, med vekt på subjektivitet, identitet, makt, ulikskap og endring
Ferdigheiter:
- kan setje ulike forståingar av kjønn og seksualitet i eit historisk perspektiv
- kan skilje mellom ulike teoretiske retningar innan kjønns- og seksualitetsteori, og diskutere desse i relasjon til kvarandre
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk kring sentrale problemstillingar og diskusjonar innafor og mellom ulike retningar i studiet av kjønn og seksualitet
- kan gjere greie for og anvende sentrale omgrep om kjønn og seksualitet som er kopla til spesifikke teoretiske perspektiv
- kan drøfte relevansen av ulike omgrep og perspektiv på kjønn og seksualitet for andre fagområde, så vel som for ulike samfunnsområde
Generell kompetanse:
- kan identifisere og kritisk reflektere over historiske endringar i ein global kontekst
- kan identifisere og kritisk reflektere over makt og ulikskap i samfunnet vi lever i
- kan lese og reflektere sjølvstendig over teoretiske tekstar
- kan formidle skriftleg og munnleg på vitskaplege premiss
- kan, på basis av tileigna ferdigheiter, arbeide sjølvstendig med ei oppgitt problemstilling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt som førelesingar, normalt tre timar i veka over 12-14 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Obligatorisk oppmøte på forelesningar/seminar med vekt på gruppebasert studentaktiv læring (75%).
2. Obligatorisk deltaking i kollokviegrupper (75 %). Kvar student skal ha hovudansvar for ei samling i løpet av semesteret.
3. Det publiserast oppgåver til kvar forelesing på MittUiB. Det er obligatorisk å levere og få godkjend tre obligatoriske oppgåver i løpet av semesteret.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det semesteret dei vart godkjende, jf. hovudregelen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
7 dagars heimeeksamen på 3-4000 ord. Referanseliste kjem i tillegg.
Den obligatoriske undervisingsaktviteten må vere bestått for å kunne levere heimeeksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum knytt til KVIK101 er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.
Tekstane er på norsk og engelsk.
Pensum er på om lag 1000 sider.