Introduksjon til filosofisk logikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LOG112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
LOG112 er ein filosofisk påbygging til det meir tekniske emnet LOG110. Emnet skal gi ei innføring i logikkens grunnlagsproblem, ved å ta opp filosofiske spørsmål som blir aktualiserte av klassisk setnings- og predikatlogikk. Emnet skal mellom anna legge til rette for kritisk diskusjon av premiss som klassisk logikk bygger på. Overordna tema er tilhøvet mellom logikk og rasjonalitet, omgrepet om sanning, og alternativ til klassisk formallogikk.
Logikk er eit reiskap som skal hjelpe med rasjonell tenking og argumentasjon. Men kva er eigentlig samanhengen mellom logiske slutningar og rasjonell tenking? Emnet ser på ulike problem med å oppfatte logikk som eit korrektiv for god tenking, blant anna epistemiske paradoks (f eks Preface paradokset).
Sanning er eit sentralt omgrep i logikken, mellom anna i form av kravet om bevaring av sanning frå premiss til konklusjon, og fordi meininga til logiske formlar blir definerte som vilkåra for at formlane er sanne. Emnet vil se nærare på kva for eit sanningsomgrep som er føresetnader i logikken. LOG112 vil blant anna gå inn på den filosofiske diskusjonen om sanningsteoriar og sanningsparadoksar.
Vidare skal LOG112 presentere alternativ til klassisk logikk, med vekt på kva for veikskapar og filosofisk diskutable føresetnader ved klassisk logikk dei er ein reaksjon på, og i kva grad dei omtalte logikkane kan bøte på problem knytt til klassisk logikk. Døme på slike alternative logikkar som kan bli presenterte på kurset, er intuisjonistisk logikk, relevanslogikk og deontisk logikk.
Læringsutbyte
Kunnskap:
- kjennskap til sentrale grunnlagsproblem i formallogikken.
Dugleik:
- kunne identifisere og diskutere formallogikkens føresetnader og bruksområde.
Kompetanse:
- Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap.
- Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk eller informasjonsvitskap.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Gruppevis munnleg innlegg på seminar.
Studentar skal delta på minst 75% av seminara. På seminara skal studentane presentere løysingar på oppgåver.
Vurderingsformer
4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår/Haust
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.